Ei streng innstramming får store konsekvensar for landbruket i Rogaland, noko som kjem fram i NIBIO-rapporten Samfunnsøkonomisk effektiv håndtering av økt gjødseloverskudd.

Streng innstramming
Det er grunn for å tru at innskjerpinga vert streng. Rogaland er det fylket som kjem dårlegast ut med størst mangel på spreieareal. Ved 3 kg fosfor pr da vil 891 føretak i Rogaland mangla spreieareal, og over 1382 føretak vil ha for lite areal ved største innstramminga på 2,1 kg fosfor pr da. Endringane i spreiearealskrav vil føra til utfordringar for mange driftseiningar, og om lag 30 % av alle føretak som vil få problem, ligg i Rogaland.

Med Miljødirektoratet sitt forslag vert desse kommunane i følgje NIBIO-rapporten ramma hardast:

Underskot spreieareal NIBIO

Usikker miljøeffekt
Avrenning av fosfor frå jordbruksareal er påverka av mange faktorar, og nemnte NIBIO-rapport slår fast at det er usikkert om eit skjerpa krav til spreieareal med gitt tal kg fosfor pr. da er ei hensiktsmessig tilnærming der målet er å redusera fosforavrenning frå jordbruksareal for å betra vasskvaliteten.

Detaljert på utslepp av fosfor, men lite nøyaktige på avlingsmengder.
Direktorata sine forslag til lovleg tilførte mengder fosfor/daa ber preg av å vera pinleg nøyaktige, medan avlingsmengde og -potensiale vert vurdert som «likt» i heile landet. Rogaland har større avlingspotensiale enn fleire andre landsdelar, og større del fosfor vert tatt opp i avlinga.

NIBIO-rapporten «Utredning av forslag til forskriftskrav om tillatt spredemengde av fosfor i jordbruket» vert brukt som grunnlagsmateriale i arbeidet med nytt regelverk. Den legg avlingstal frå SSB på 711 kg TS/daa til grunn for opptak av fosfor i avlinga i Rogaland. Det vert ikkje debattert kvifor avlingsmengda i grunnlaget fra SSB har gått ned fra 976 kg ts pr. da i perioden 1981-2001 til 711 kg ts/da for perioden 2010-2015, for deretter å gå opp igjen. Ut frå våre registreringar opererer ein med for lågt avlingsnivå som grunnlag for å vurdera balansegjødsling av fosfor på. Det er også uklart korleis SSB skaffar fram avlingstala.

Balansegjødslinga bør vera et prinsipp i diskusjonen. Ei grasavling på 1000 kg ts tar opp om lag 3,5 kg P. Det bør være tilstrekkeleg med fosfor i grovfôret, slik at me kan redusera mengder fosfor tildelt gjennom kraftfôret.

Det finst andre løysingar
Sidan skjerpa spreiearealskrav har store konsekvensar og kostnader både for samfunnet og næringa, må ein sjå på andre tiltak.

Landbruket i Rogaland har alltid vore framoverlent og nyskapande, og har lege langt framme for å finna løysingar. Det er tatt mange grep for å bruka husdyrgjødsla som ein viktig ressurs: for eksempel investeringar i lagerkapasitet, forsøk med bruk av husdyrgjødsel, testing av spreietidspunkt og -metodar, hindra punktslepp, etablera fangdammar og randsoner med meir.

Det er eit viktig og langsiktig arbeid å betra vasskvaliteten i bekkar og innsjøar. Det er gjort eit stort arbeid for å betra vasskvaliteten, og ein må halda fram, og gjerne forsterka, det arbeidet som er gjort og som ein ser effekt av.

Behov for ny kunnskap

Me treng meir kunnskap om balansegjødsling av fosfor ut frå regionale avlingstal. Me treng også vita meir om kva tiltak som har effekt på vasskvaliteten, og utvikla dette vidare. Vasskvalitet er ikkje berre landbruket sitt ansvar.

Arbeidsgruppe gjødselvare følgjer arbeidet.