Styra i Forum Ku, Landbruksråd Rogaland, Rogaland landbruksselskap, Rogaland Landbrukspark samt Arbeidsgruppe nye gjødselkrav, fleire organisasjonar i landbruket og Rogaland fylkeskommune var inviterte til mobiliseringsmøte onsdag 3. november på Særheim.

Hensikta med møtet var å informera om det politiske og faglege arbeidet i Rogaland i haust, samt staka ut vegen vidare for arbeidet.

Politisk arbeid

Sveinung Svebestad, styreleiar i FKRA, informerte om det politiske arbeidet. Tillitsvalte i landbruket i Rogaland og andre landbruksengasjerte tok i haust kontakt med gamle og nye stortingsrepresentantar og informerte om konsekvensane ved skjerpa spreiearealskrav. Dette hindra at forskrifta blei sendt ut på høyring. Forskifta var klart til utsending, men blei stoppa av aktive politikarar. Særleg spela Høgre sine politikarar i fylket ei aktiv rolle overfor eiga regjering.

Forslaget til gjødselbrukforskrift ligg etter alt å dømma nærare Miljødirektoratet sitt forslag til innstramming enn Landbruksdirektoratet sitt. Dette vil føra til eit skjerpa spreiearealskrav frå 4 da pr GDE i dag til 6 da innan 8-10 år og deretter til 7 da. Konsekvensane av dette vil vera dramatiske for Rogaland, og er utgreia i NIBIO-rapport. Der kjem det også fram at ein kan ikkje anslå direkte effektar på vasskvaliteten ved skjerpa spreiearealskrav. Derfor er det grunn for å stilla spørsmål ved om tiltaka styresmaktene legg opp til står i forhold til konsekvensane.

Skjerpa arealkrav 031121

Fagleg arbeid

Helga Hellesø er prosjektleiar for eit tverrfagleg prosjekt med mål om nytt fagleg grunnlag i arbeidet med nytt gjødselregelverk.

I vårt prosjekt vil me undersøka balansepunkt for akkumulering av fosfor i jorda, og skaffa ny kunnskap om uttak av fosfor i grovfôravlingar. Me vil undersøka korleis fosforinnhaldet i jorda har utvikla seg, og samanlikna funna med forventa auke i P-Al. Me vil undersøka fosforbalansen på gårdsnivå ved bruk av kretsløpstolken, for å vurdera mulighetsrom for å oppretthalda og eventuelt auka produksjonen.

Faggrunnlaget for tilrådingane til ny forskrift brukt av Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet er NIBIO-rapport nr. 131 2016 «Utredning av forslag til forskriftskrav om lovleg spreiemengde av fosfor i jordbruket». Denne beskriv fosforbalansen på jordbruksjord ved ulike regelverkskrav. Avlingstal frå SSB brukt som utrekningsgrunnlag, viser ein dupp for åra 2010-2015 samanlikna med åra før og etter. Avlingstala blir beskrivne som usikre. Den midlertidige endringa i avlingstal blir ikkje diskutert, men blir brukt som utgangspunkt for å berekna eit fosforoverskot i vårt fylke. Utgreiinga brukar 711 kg høyeiningar pr da som grunnlag, mens i vårt område kan ein oppnå avlingar på 1200-1500 kg ts/dekar. Berekna fosforoverskot skal føra til auka P-Al-tall (lettløyseleg fosfor) i jorda. Miljødirektoratet baserer sine tilrådingar på fosforgjødsling ut fra avlingstal frå 2010-2015 i oversendingsdokumentet til LMD/KMD. Elles er størrelsen på forventa fosforoverskot avhengig av kva avlingstal som blir brukte i utrekningane.

Styringsgruppa består av Norolf Husveg fra Tine, Stein Lima fra FKRA, Jørn Viste, bonde, Harald Volden, NMBU, Håkon Pedersen og Målfrid Grødem Njærheim, NLR Rogaland, Monica Dahlmo frå Statsforvaltaren og Helga Hellesø, NLR Rogaland/Rogaland Landbrukspark.

Prosjektet er støtta av midlar frå Rogaland fylkeskommune, Landbruksråd Rogaland og Forum Ku.

Er det råd å gjera noko med fosforinnhaldet i fôret?

FKRA ved Stein Lima har engasjert Harald Volden i eit arbeid for å vurdera fosforbehovet i kraftfôret, og korleis endringar her påverkar innhaldet i gjødsla. Effektar av ulike mengder fosfor i kraftfôret blir vurderte, og konsekvensar av både samansetjing av kraftfôret og kostnader vert gått gjennom. Ein vil også sjå på dei berekningsmodellane som ligg til grunn for utnytting av næringsstoff i dag. Så langt kan det sjå ut for at det er potensiale for endringar på storfe, men at det framleis vil vera viktig med analyse av grovfôret. På andre dyreslag kan det sjå ut for at det er mindre å henta.

Økonomiske vurderingar

Landbruks- og matdepartementet har bestilt ei utgreiing frå NIBIO med berekning av konsekvensar av skjerpa spreieareal på foretaksnivå.

Selmer Wathne, frå Jæren Rekneskapslag, informerte om arbeidet som styret i rekneskapslaget har initiert. Rekneskapslaget skal rekna på korleis skjerpa arealskrav påverkar økonomien på om lag 10 gardar. Hensikta er å visa korleis regelverket vil ramma på foretaksnivå basert på faktiske tal. Wathne la fram utrekning frå ein gard, som viste dramatisk reduksjon i driftsresultatet. Meir om dette kjem i neste nummer av Bondevennen.

Arbeidsgruppe nye gjødselkrav

Arbeidsgruppe nye gjødselkrav blei oppretta i 2018 for å følgja arbeidet med revisjon av gjødselvareforskrifta. Gruppa er breitt samansett, og desse organisasjonane er med:

Rogaland Landbrukspark

Rogaland Landbrukspark er ein samanslutning av organisasjonar med utspring i Særheim- og Øksnevad-miljøet: