Velkommen på fagmøte! Her er årets tema:


  • Rydding av utmark ved hjelp av brenning - 10.feb
  • Kva skal eg så? – Vel rett frøblanding - 24.feb
  • Gjødsling og økonomi med høge gjødselprisar - 10.mars
  • Lønnsamt med klimatiltak? - 24.mars
  • Presisjon – viktigare enn nokon gong! - 7.april

Alle startar kl. 20

Sjå deg ut kva møter du ønsker å få med deg, og meld deg på!

Meld deg på her!

Meir om dei ulike møta:

Rydding av utmark ved hjelp av brenning - 10.feb

Utmarka gror igjen der den ikkje har vore i bruk på fleire tiår. Flatebrenning for å få bort brake og låg vegetasjon kan vera ein god start der ein vil ta i bruk utmarka som beite igjen.

På møtet blir det gitt kort innføring i emne som – varsling til brannvesen, sikkerhet, brannteknikk, utstyr mm. Møtet er lagt opp for dei uerfarne, men alle er velkomne til å delta.

Innleiarar er Annlaug Fludal, NLR og Ove Stumo, Haugaland lyngbrannreserve.

Kva skal eg så? – Vel rett frøblanding - 24.feb

Ulike artar og sortar taklar ulike klima- og miljøforhold. I frøblandinga utfyller dei kvarandre og utnyttar næringsgrunnlaget til å etablere eit godt plantedekke. Det å gjere eit rett val av frøblanding, er difor viktig for å utnytte potensialet til enga.

Rådgivarane Ole Arnfinn Røysland Fitjar og Bjørg Karin Dysjaland tar føre seg forsøk og erfaringar både med nye og gamle artar og sortar.

Gjødsling og økonomi med høge gjødselprisar - 10.mars

Mange er skremt over auka gjødselprisar og lurer på kva som er rett å gjera for å tilpassa seg dette. Gode agronomiske tiltak som jamn fordeling og god utnytting av husdyrgjødsel er gode tiltak for alle, men er det for eksempel lønsamt å redusere kunstgjødselmengdene når den er så dyr?

Grovfôrrådgivar Ole Arnfinn Røysland Fitjar vil presentere tipsa du treng før ny gjødslingssesong.

Lønnsamt med klimatiltak? - 24.mars

Kan gode klimatiltak bidra til betre produksjon og lønsemd? Finst det tiltak som både er bra for drifta og bra for miljøet?

Klimarådgivar Randi Hodnefjell drar fram dei gode eksempla på dette. Mens presisjonsrådgivaren Atle Lende drar linjene mellom klima og presisjonslandbruk.

I tillegg vil Peder Skåre, Landkreditt Bank, fortelje om nysatsinga til banknæringa: Grøne lån.

Presisjon – viktigare enn nokon gong! - 7.april

Presisjonslandbruk er på full fart inn – og det med god grunn. Gjort på rett måte får du nytta innsatsfaktorane betre, du får auka avling med betre kvalitet og redusert klimaavtrykk – og du får betre arbeidsmiljø.

Rådgivar i presisjonslandbruk og maskinteknikk, Atle Lende, set fokus på korleis ein skal utnytte nyvinningane til det beste for økonomi og agronomi.

Velkommen!