No er det høgsesong for fôrprøveuttak. Resultata av fôrprøvane blir forløpande lagt inn i FAS, database for fôranalysar frå norske produsentar. Basert på data frå FAS, (Feed Analysis System, NorFor, TINE Rådgiving 2022), er årets foreløpige grovfôrkvalitet skissert i figurar og samanlikna med fjorårets grovfôrkvalitet.


Rogaland: Lågare tørrstoffprosent og råproteininnhald i årets 1. slått

Rogaland

2021

2022

1.slått

2.slått

3.slått

1.slått

2.slått

3.slått

Tørrstoff %

34,3

38,4

39,5

30,9

38,8

38,0

NEL20 MJ/kg TS

6,29

6,18

6,36

6,30

6,23

6,43

OMD %

74,5

74,0

76,7

74,9

74,8

77,1

Råprotein g/kg TS

152

154

157

146

150

162

Sukker g/kg TS

63

77

104

66

87

86

NDF g/kg TS

493

477

440

491

471

439

Tørrstoffprosent

På landsbasis er tørrstoffprosenten i 1.slåtten i år lågare samanlikna med fjoråret. Det har vore utforande vêrforhold i år, med mykje regn, for mange bønder. Det speglar seg i fôranalysane som er tatt ut så langt i 2022-sesongen. Gjennomsnittleg tørrstoffprosent i både 1.- og 2. slått i Vestland ligg under 30%, som også er lågare samanlikna med fjoråret. Også i Rogaland er tørrstoffprosenten i 1.slåtten lågare enn i 2021, medan tørrstoffprosenten i 2. slåtten ser nokså lik ut med fjoråret både på landsbasis og i Rogaland. Agder har derimot nokså lik tørrstoffprosent som i fjor.

TS prosent 2022
Førebels gjennomsnittleg tørrstoffprosent i grovfôret i 2022.

Energiinnhaldet

Rogaland har høgare energiinnhald i grovfôret samanlikna med resten av landet. For mange er kanskje fôreiningskonsentrasjon (FEm) eit meir kjent omgrep enn NEL20, når me snakkar om grovfôret sitt energiinnhald. Ved å dela NEL20 på 6,9 får du ein peikepinn på FEm. Det betyr at eit fôr på 6,2 NEL20 tilsvarar ca. 0,90 FEm. Dersom ein ønsker høg grovfôrandel i fôrrasjonen til mjølkekyr bør fôreiningskonsentrasjonen vera over 0,90. Grovfôret sitt energiinnhaldet heng tett saman med utviklingstrinnet på graset. Ved auka utviklingstrinn vil fiberinnhaldet (NDF) i grovfôret auka, som reduserer grovfôret sitt energiinnhald. Dei foreløpige fôranalysane indikerer at Rogalandsbonden i snitt haustar graset rundt begynnande skyting, medan resten av landet haustar graset rundt skyting. Samanlikna med fjoråret har Rogaland og Vestland nokså likt energiinnhald i grovfôret i år. Agder har derimot høgare energiinnhald i årets grovfôr.

Energiinnhald 2022
Førebels gjennomsnittleg energiinnhald i grovfôret i 2022.
NDF 2022
Førebels gjennomsnittleg NDF-innhald i grovfôret i 2022.

Råprotein

I Rogaland og Vestland er råproteininnhaldet i 1.- og 2. slåtten lågare enn landsgjennomsnittet. I tillegg er råproteininnhaldet i årets grovfôr i desse områda lågare enn i fjor. Sidan energi- og fiberinnhaldet er relativt likt som i fjor, er det truleg ikkje haustetidspunktet som er årsaka til lågare proteininnhald. Det var mange som tok ut store avlingar i år. Dermed kan det vera at N-gjødslinga har vore for svak i forhold til avlingsnivået, som har ført til uttynning av protein i graset. Høge gjødselprisar kan kanskje også ha gjort at det har blitt gjødsla litt svakare samanlikna med tidlegare år. I Agder inneheld grovfôret derimot meir protein enn i fjor. Sidan grovfôret i Agder har høgare energiinnhald i år, er det truleg tidlegare haustetidspunkt som er årsaka til høgare proteininnhald.

3. slåtten er kjent for å vera bladrik som fører til at den ligg høgt på proteininnhald.

Raprotein 2022
Førebels gjennomsnittleg råproteininnhald i grovfôret i 2022.