Auka pris på innsatsfaktorar

Våre utrekningar er basert på gjødselprisar i februar 2022, avlingsnivå på 1000 kg tørrstoff og 200 fem/rundball. Dei viser at grovforkostnaden har auka med kr 0,49 kr/FEm frå 2021 til 2022.

Kostnadskompensasjon

Kompensasjon for aukte kostnader som vert utbetalt i september, vert utbetalt som arealtilskudd grovfor kr 87 pr da. I tillegg vil dei som har husdyr få ei utbetaling pr dyr. Reine grovforprodusentar vil dermed får kompensert ca kr 0,10 pr fem og vil dermed under dei føresetnader som er lagt inn over, få ein kostnadsauke på kr 0,40 pr fem.

Ved 200 fem pr. rundball viser reknestykket at kostnadsauken etter kompensasjon utgjer kr 79,- pr rundball.

Grovfôrprisen 2022

Prosjekt før kostnadsauken har vist at gjennomsnittleg grovfôrpris var 2,70kr/Fem. Medrekna siste års kostnadsauke vert prisen 3,10kr/fem. Ny pris for ein rundball med 200Fem vert då 620kr.

Ved å legga inn energiverdi, tørrstoff og vekt kan du rekna ut prisen på ditt fôr i dette reknearket.

Tala som ligg til grunn for kostnadsauken er vist i tabellen under:

Tabell kostnadsauke
Rundballar Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar