Kurset er avlyst på grunn av for få påmelde.

Kurset vil passe for alle som har prøvd litt grønsaksproduksjon, men som nå ønsker å satse seriøst med sal av eigenproduserte grønsaker. Du som har drive grønsaksproduksjon i nokre år og vil forbetre produksjonen og oppdatere deg fagleg, vil også få godt utbytte av kurset.

Stad: Genoloftet, Postvegen 212, Særheim i Klepp.

Tid: 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022.

Klokke: 09:00- ca. 15:30.

Pris per deltakar: Medlemmer i NLR kr. 2200,-. Ikkje medlemmer kr 3000,-.

Påmelding

Påmelding her innan 3. oktober.

Ved spørsmål, ta kontakt med Ane Harestad på tlf. 94164528 eller ane.harestad@nlr.no.

Program

Kurshaldar: Hans Gaffke, NLR Øst. Det blir innlegg ved fleire dyrkarar.

Førebels program, meir detaljar kjem.

19. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30

Hans Gaffke:

  • Valg av dyrkingsopplegg.
  • Etablering av markedshage.
  • Plassering, leplanting.
  • Jord, jordliv, gjødsling.
  • Vekstskifte, fangvekstar, husdyrgjødsel, grønngjødsling.
Kl 9:30 Randi Klingsheim Bø og Tormod Bø, Anda andelsgard. Erfaringar med oppstart av andelslandbruk.

20. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30

Hans Gaffke:

  • Markedshage - arbeid gjennom sesongen.
  • Oppal, våronn, ugras, insekter, innhausting, lagring.
  • Reiskapar tilpassa småskala grønnsaksdyrking.
Kl 10:00 Kari Aarekol, grønsaksrådgivar i NLR Rogaland. Innlegg om dei mest vanlege sjukdommar og skadedyr.

9. november 2022. Klokka 9:00-15:30

Hans Gaffke:

  • Små kulturar på friland.
  • Småskala tomat og agurk i uoppvarma tunnel.
Kl. 10:00 Tone Lill Molund, Bakken andelsgård. Erfaringar med andelsgard og pløyefri grønsaksproduksjon.

10. november 2022. Klokka 9:00-14:30

Hans Gaffke:

  • Planlegging, økonomi.
  • Foretaksplanlegging.
  • Dyrkingsplanlegging, innføring i planleggingsverktøy.
  • Effektivisering etter LEAN prinsipp.

Kl. 13:30 Olav Tegle, Innovasjon Norge. Tilskotsmuligheter.


Arrangørar: NLR Rogaland og Statsforvalteren i Rogaland.

Dyrkingskonseptet marknadshage

Dyrkingskonseptet marknadshage er ei arbeidsintensiv dyrking av vekstar på avgrensa areal med høg marknadsverdi til direkte og/eller lokal omsetnad.

Typiske kjenneteikn for marknadshage: Dyrking på faste bed. Stort mangfald av vekstar, som gjerne er rasktveksande. Heller planteoppal framføre direkte såing. Høg jordfruktbarhet. Høg plantetetthet. Minimert jordarbeiding. Lågt / moderat investeringsbehov.