Det er mange faktorar som verker inn på kor tid det passer å ta 2. slåtten. Til dømes kva fôrkvalitet ein ynskjer, kor tid ein tok 1. slåtten og kva slåtteregime ein har (2-,3 eller 4 slåtters regime).

Eit mål på kor lenge det bør gå mellom 1. og 2. slått er døgngrader. Dersom ein har eit 4 slåtters regime tilrår me om lag 450 døgngrader mellom slåttane. Har du eit 3 slåtts regime, tilrår me 550-600 døgngrader mellom 1. og 2. slått. Dersom du tek 2 slåttar i året passer det med om lag 700 døgngrader mellom slåttane.

Som ein grov tommelfingregel er det om lag 100 døgngrader i veka i juni, juli og august.