Turid Røysland Fitjar er 27 år, gift med Ole Arnfinn og busett i Bjerkreim på ein gard med 140 vf. sau. Ho er oppvasken på gard på Fitjar der ho mellom anna i ung alder laga seg sommarjobb med å dyrka og selja poteter.

Turid er utdanna sivilagronom i plantefag frå NMBU på Ås, der ho skreiv masteroppgåve for NIBIO om ugras. Etter studietida har ho jobba som rådgjevar i Fiskå Mølle.

- Eg ser fram til å bli ein del av fagmiljøet i NLR Rogaland. Eg trivst best ute, så eg håpar på mykje utandørs forsøksarbeid i vekstsesongen, fortel ho.


Turid Roysland Fitjar