Den 1. november starta Åshild Irene Lie som grovfôrrådgiver i NLR Rogaland med kontorstad Haugesund.

Åshild er 40år og busett i Sveio. Ho kjem frå ei stilling som landbruk/miljørådgiver i Sveio kommune. NLR er heller ikkje heilt ukjend, då ho starta karrieren sin som fruktrådgiver i Hardanger. Åshild har ein master i plantevitenskap frå Ås med tyngde på jordbruk og ugras.

"Eg gler meg til å koma i gong med nye oppgåver og utfordringar, og eg ser fram til å bli kjend med mange nye", seier Åshild.

Me håpar medlemmane på Haugalandet tek godt imot ho!

Ashild Irene Lie