Det er krav om at sprøyta er funksjonstesta kvart tredje år. Ein funksjonstest utført av NLR Rogaland sikrar at sprøyta di er klar til sesongen. Ein av våre sertifiserte rådgivarar sjekkar at pumpa har tilstrekkelig kapasitet, at manometeret viser rett, at dysene fungerer som dei skal og er jamne nok til å gi eit jamt spredebilde. Ved funksjonstest kan me utføra enkle reperasjonar slik at sprøyta vert godkjend. Me har med oss dei vanlegaste slitedelane og kan byta dei ved behov.

Me er i gang med funksjonstesting i heile distriket. NLR Rogaland har fire sertifiserte rådgivarar til å utføra funksjonstest. Me kan testa åkersprøyter med vanlig horisontal spredebom og jordbærbom, og sprøyteutstyr for veksthus og planteskoler.

Bestill gjerne funksjonstest no, så er alt klart før sprøytesesongen. Ein gjennomgang av teknisk tilstand er nyttig for å vita at sprøyta framleis gjer ein god jobb. Og du skal ikkje sjå vekk i frå at du kan få med deg nyttige tips om vedlikehald og bruk.

Prisen for funksjonstesting avhenger av bombreidda.

Bestill funksjonstest


Funksjonstesting rogaland 6
NLR Rogaland har 4 sertifiserte rådgivarar som kan utføra funksjonstest. Bestill i dag!
Funksjonstesting rogaland 4
NLR Rogaland har 4 sertifiserte rådgivarar som kan utføra funksjonstest. Bestill i dag!
Funksjonstesting rogaland 3
NLR Rogaland har 4 sertifiserte rådgivarar som kan utføra funksjonstest. Bestill i dag!