Bakgrunnen for markdagen er prosjektet «Økt andel egenprodusert protein i fôrrasjon til drøvtyggere med åkerbønner,» som har som mål å auke kompetansen om praktisk dyrking av åkerbønner som heilgrødevekst.

Åkerbønner som heilgrøde har tidlegare blitt prøva ut i forsøkssamanheng, men me har lite praktiske erfaringar å syna til her i fylket. I dette prosjekt skal me dokumentere erfaringar med dyrking og fôring med åkerbønner, enten i reinbestand eller i blanding. Bøndene som er med har fått oppfølging, og det vil bli gjort avlingsregistrering og tatt fôrprøver. Åkerbønner er som erter og kløver nitrogenfikserande og treng i utgangspunktet lite tilførsel av nitrogen fra gjødsel. For å dekke fosfor og kaliumbehovet vil 4-5 tonn storfegjødsel ofte vere tilstrekkelig. Med auke i nitrogenprisar vil det vere naturleg å tenke at det blir aktuelt for fleire å nytta seg meir av belgvekstar.

På markdagen blei det informert rundt prosjektet samt erfaringar ein har gjort i løpet av året, det blei også diskutert litt rundt haustetidspunkt.

På det aktuelle skifte var åkerbønnene sådd i lag med kveite og eittårig raigras. Det var brukt ein eldre Stoklandmaskin for å få frøa djupt nok, noko som virka veldig bra! Bønner og kveite spirte veldig fint. Det eittårige raigraset har vore med på å halde åkeren fri for ugras, det har ikkje vore naudsynt med ugrassprøyting. Men den kraftige veksten til raigraset har nok også forsinka og redusert utviklinga av bønner og kveite noko. På bakgrunn av den forsinka utviklinga til kveiten og bønnene blei det konkludert med at det for den totale avlinga sin del vil vere lurt å hauste åkeren litt før tida for dermed få ein god 2. slått på raigraset seinare i haust, sjølv om ein ikkje oppnår heilt ynskja stivelseinnhald på dette viset.

Avlingsregistreringar og analyseresultat vil bli lagt fram når dette er klart seinare i haust.

Akerbonne havre foto odd paulsen
Foto: Odd Ingebret Paulsen