Glyfosat-middel (Roundup) kan vera effektive så lenge veksten er i gong og temperaturen er positiv. Likevel er anbefalt høgde på enga ved brakking med slike middel 15-20cm, og kveka må ha minst 3-4 blad. Normalt ser me ikkje dette før siste halvdel av april.

Det er likevel ingen grunn til å stressa! Under gode vekstforhold kan du jordarbeide etter 5 dagar. Visst du får sprøyta 20. april rekk du framleis å få frøblanding eller såkorn i jorda allereie fyrste veka i mai.

Må eg sprøyta?

Visst det ikkje er kveke som er problemet kan det vera aktuelt å droppa kjemisk brakking på våren. På areal med lite stein kan ein godt innstilt plog gjera ein like god jobb mot ugraset. Visst du har mykje stein og ser ein del grønt på overflata etter pløying vil me anbefala å kjemisk brakking for å unngå at desse torvene konkurrerer mot dei sådde artane.