Velkommen på fagmøte! Her er årets tema:

  • Rundballar eller plansilo? - 23.feb
  • Bli god på beiting! – beiter og beiteregime - 9.mars
  • Back to basic - jord og jordkjemi - 16.mars
  • Separering av husdyrgjødsel – God eller dårleg idé? (utsett p.g.a. sjukdom)
  • Best som blaut – om betre utnytting av småfegjødsel - 30.mars


Sjå deg ut kva møter du ønsker å få med deg, og meld deg på!

Meld deg på her!

Meir om dei ulike møta:

Rundballar eller plansilo? - 23.feb

Er du i tvil om du vil bruka plansilo eller rundball? Er det forskjell i kvalitet mellom de ulike silotypane?

Me går inn i statistikken og ser på tapa i dei ulike metodane. Og legg fram tal og erfaringar frå ein gardbrukar som har gått frå rundball til plansilo.

Møtetidspunkt: Kl. 10.00-11.30



Bli god på beiting! – beiter og beiteregime - 9.mars

Beiting er ein kunst! Men korleis meistra den kunsten?

Vi har fått med oss veterinær Berit Blomstrand fra NORSØK til å sei noko om invollsparasittar og NIBIO-forskar Yngve Rekdal er med å deler sin kunnskap om korleis ein best driftar og nyttar beiteområda sine.

Møtetidspunkt: Kl. 10.00-11.30


Back to basic - jord og jordkjemi - 16.mars

Grunnleggande kunnskap er viktig! Og jorda er heilt sentral i det me driv med!

Så kvifor ikkje gå tilbake den grunnleggande kunnskapen om jord og jordkjemi?

Det blir eit spennande føredrag med kunnskap ein kan bli svart på nevane av; mold, skit og grunnleggande næringsstoff i skjønn foreining, frå NLR-rådgivar Magnus Haugland.

Møtetidspunkt: Kl. 19.00-20.00


Best som blaut – om betre utnytting av småfegjødsel - 30.mars

Når det gjeld gjødselhandtering på sauegardar er det mange variantar. Men kva betyr forskjellane på lagringsmetode i partisk bruk? Og kva verknad og lønnsemd er det i dei ulike metodane?

Me tar opp forskjellane i fastgjødsel og blautgjødsel, og håpar å svara på korleis ein får best utnytting av småfegjødsla på din gard.

Møtetidspunkt: Kl. 10.00-11.30


Separering av husdyrgjødsel – God eller dårleg idé? - (utsett p.g.a. sjukdom)

Kva skjer eigentleg med næringsinnhaldet i husdyrgjødsla når ho vert separert? Og vil dette hjelpa meg ut or ei spreiearealsknipe?I 2022 gjennomførte NLR Rogaland ei kartlegging av separert husdyrgjødsel. Det vart tatt ut analysar både før og etter separering. Me presenterer resultata og gir deg råd om kva tid separeringa kjem til sin rett!

Me kjem tilbake til nytt møtetidspunkt på dette møtet så fort dette er sett.

Velkommen!