Utviklinga i graset har vore merkbar siste veka. Det er per no (22.mai) rett i underkant av 450 døgngrader på fleire stasjonar rundt om i fylket. Vekststart var i år rundt 25.mars, men det var lenge låge temperaturar og liten vekst. Utover i mai har temperaturane vore meir normale, og me er dermed så vidt passert fjoråret i varmesum.
Me forventar slått ved 550 døgngrader for et fôr med høg fordøyelegheit, til høgtytande dyr.
Ser vi framover mot månadsskifte og forventa utvikling i varmesum (ut frå vêrmeldinga) når me 550 døgngrader raskare enn i fjor. Med vêrmeldinga slik ho ligg no kan vi legge til ca. 15 grader per dag (middeltemperatur). I same periode i fjor var middeltemperaturen rundt 11 grader.
Dermed antar me slått noko før fjoråret, for mange rett rundt månadsskiftet, men det er stor variasjon etter kor ein er i fylket og korleis garden ligg til. Under kan du sjå eit utval vêrstasjonar i området vårt, og varmesum 1.juni frå 2021 og 2022, samt forventa varmesum i år på desse stasjonane.
tirsdag 1. juni 2021 |
onsdag 1. juni 2022 |
torsdag 1. juni 2023 |
|
Etne |
516 |
557 |
584 |
Vats |
482 |
524 |
530 |
Sauda |
555 |
522 |
570 |
Røvær |
512 |
528 |
530 |
Hjelmeland |
473 |
546 |
570 |
Stavanger |
543 |
579 |
568 |
Sola |
533 |
590 |
570 |
Særheim |
484 |
527 |
523 |
Obrestad |
438 |
491 |
476 |
Tala er henta frå Eana Skifte. Varmesum finn du også i Agrilogg. Men anbefalar alle som er interessert å ta i bruk eitt av desse verktøya, her kan du sjølv få varmesummen utrekna for din gard, basert data frå kringliggande vêrstasjonar og høgde over havet. Relater gjerne varmesumen til tidligare erfaringar hjå deg - det er då varmesumutrekningar vekerleg kjem til nytte!

Prøveuttak i eng
For å få enda betre oversikt over korleis utviklinga i graset faktisk er tar me ut prøvar på ulike stader i området vårt. Desse prognosehaustingane blir frå i dag sendt inn til analyse hjå FKRA, og me forventar svar derifrå i.l.a. 2-3 dagar.
I tillegg tel me leddknutar på timotei-skot og bruker grovfôrmodellen til å lage ein prognose for utviklinga. Men husk – til lengre fram i tid, til meir usikre er prognosane.
Både analyseresultat og prognosar finn du i denne artikkelen:
Varsel om tørt og varmt vêr
I prosjektet me er med i, Climate Futures, får me tilsendt 4-vekers varsel. Desse viser at det er sannsynleg at det i alle desse fire vekene blir både varmare og mindre nedbør enn me normalt får. Husk at gras i varmt og tørt vêr framskundar skytinga (tvangsskyting). Dermed bør også dei som ønsker middels kvalitet truleg belaga seg på slått noko før normalen om dette varselet slår til.
Usikker? Ta kontakt med oss grovfôrrådgivarar om du vil diskutere kva som er det mest fornuftig i din situasjon!
