Kaldare enn varsla

Varmen som har blitt lova i vêrvarsla har ikkje slått til som forventa. Det er supert nytt med kjølig vær for grasprodusentane, for volumet i enga aukar, men kvaliteten søkk svært sakte. Vi ser per i dag (30.mai) ikkje teikn til skyting i timotei. I raigras vil vi ha noko gras som skyt, men ut frå forsøk og praktisk erfaring held denne betre på kvaliteten på denne tida av året enn timoteidominert eng.

Vi har ikkje varme- eller tørkestress i graset, så vi forventar lite lignifisering, og dermed høg fordøylegheit framover.

Analyseresultata frå grasprøvane kommer alltid i etterkant, men erfaring frå tidlegare år tilseier at vi får overraskande liten kvalitetsnedgang under slike vêrforhold som vi har nå i år.

Slår du 2 eller 3 slåtter kan du trygt vente til helga, for mange også over helga så sant vi ikkje får drivande varme. Driver du i et område utan tilgang på halm, vil det bli kostbart å ta ein liten slått nå, for så å måtte kjøpe inn halm frå austlandet gjennom fôringssesongen for å skaffe nok struktur i fôrrasjonen. Alternativet er å sette igjen timotei som får vekse ut og bli til strukturfôr seinare.

Gras i streng Foto Ane Harestad

Nesten kopi av fjoråret

Me tar både ut prøver og vurdere enga, samt at vi følger med på varmesummen, alt for å få ein peikepinn på utviklinga i graset. No tydar alt på at me er omtrent på same utvikling som i fjor. Både varmesum og teljingane ser svært like ut som på same dato i fjor. Me får som nemt ikkje svar på dagens analysar før tidlegast i morgon. Men analysane i fjor viste 30.mai rundt 0,97-0,98 på raigras, og rundt 0,95 på timoteidominert eng både nord og sør i fylket.

Vil du sjå resultata så på prognoseprøvane våre, dei blir publisert fortløpande her:

Grashogdemalar Foto Ingrid Mogedal

Men husk at me har variasjon etter kor vi er i fylket og korleis enga ligg til. Under kan du sjå et utval vêrstasjonar i området vårt, og varmesum 1.juni frå 2021 og 2022, samt forventa varmesum i år på desse stasjonane.

tysdag 1. juni 2021

onsdag 1. juni 2022

torsdag 1. juni 2023

Etne

516

557

553

Vats

482

524

499

Sauda

555

522

544

Hjelmeland

473

546

542

Stavanger

543

579

563

Sola

533

590

563

Særheim

484

527

511

Eik

455

476

460

Kjølig også i langtidsvarselet

Også i langtidsvarselet vi mottek har trenden snudd frå temperaturar «over normalt» i førre varsel til at varselet nå melder om låge temperaturar (2-3 grader under gjennomsnittet siste 20 år), særleg i veke 23 (5.-11.06). Framleis er det avgrensa med nedbør i varsla, altså godt vêr til slått.

Under har me henta prognose på varmesum til 5.juni og samanlikna dette med de to føregåande åra:

laurdag 5. juni 2021

søndag 5. juni 2022

måndag 5. juni 2023

Etne

590

607

599

Vats

553

571

545

Sauda

631

575

590

Hjelmeland

541

595

588

Stavanger

611

623

605

Sola

601

635

619

Særheim

549

568

567

Eik

519

527

516

Varmesummane er henta frå Eana Skifte.

Slatt Foto Magnus Haugland

Ulike dyregrupper treng ulik kvalitet

Med tanke på slått for middels kvalitet (rundt 0,85) bør varmesummen liggja på rundt 650 døgngrader. For strukturfôr til sau og gjeldkyr bør ein over 700. Dette er omtrent når timoteien i hele enga skyt. Skal ein laga grovt sturkturfôr til ammeku bør ein vente til blomstring på timoteien, noko som gjerne betyr varmesum på over 750 grader.

Fenologisk utvikling
Grasets innhold av energi og protein per kg tørrstoff faller med fenologisk utvikling.