Brann

RMP er tilskot som kan bli gitt til mange ulike tiltak. Kvart fylke har sine prioriteringar og satsar og ordningane kan variera. Både Vestland og Rogaland har gjort om på satsar sidan i fjor. Dei store pottane er miljøvennleg spreiing av gjødsel og beiting i kystlynghei. I Rogaland har nye tiltak komme med, t.d. brenning i kystlynghei. Søknadsfrist er 15.okt men du kan allereie nå logga deg på søknadsportalen. Det er lurt å rekna god tid, særleg om det er første gong du skal søka.

Lurer du på noko? Spør oss:


Vestland fylke

Åshild Irene Lie tlf 95759034 er best oppdatert på alle ordningar i Vestland fylke.

Biologisk mangfald (beiting og brenning i kystlynghei, naturbeitemark, styvingstre mm):

Birgitt Harstad tlf 97014117 Helleland

Ane Harestad tlf 94164528 Særheim

Annlaug Fludal tlf 94845427 Haugesund

Lyng

Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel (slangespreiing / nedfelling)

Bjørg Karin Dysjaland, Ølen tlf 93840839

Odd Ingebret Paulsen, Særheim tlf 90102237

Stripesaing

Klimaråd

Bård Oliver Gjellestad, Ølen tlf 48193395

Randi Hodnefjell, Særheim tlf 92642868

Klima

Brenning i kystlynghei

Brenning er ein metode for å fornya grov og gammal lyng. Når lyngmarka er i god drift bør ein brenna små område om gongen med 10 -20 årsmellomrom. Dersom område har vore ute av bruk lenge og er i ferd med å gro igjen kan det vera rett å større område i gongen (restaurerings).

For Rogaland er dette ein ny tilskotsordning i år medan Vestland har hatt denne ordninga tidlegare òg. Foreløpeig arealsats for begge fylke er 400 kr pr daa, men tilskotstak er ulike i dei to fylka. Rogaland har sett tak på 60.000 kr pr foretak medan Vestand har eit betydeleg høgare tak. Krava rundt beiting er òg ulike. Området må vera registrert som kystlynghei av ein viss verdi.

Frå 15.sept fram fristen 15.okt i år kan ein søka for område som blei brent vinter 2022-2023.

Brent lyng 1

Kva er kystlynghei?

I fleire tusen år var det meste av utmarka langs kysten brukt til beite og fornya ved brenning. Dette gjorde at utmarka var open og lyngdekka. Når beiting i utmarka minka tok brake og småskog over. Ulike tilskotsordningar har blitt sett inn for å stoppa gjengroing. For rundt ti år sidan fekk kystlynghei nasjonal status som ein trua naturtype.

For å utløysa støtte må eit område vera registrert i Miljødirektoratet sin Naturbase. Nye kartleggingar blir gjort etter NiN-metoden (Natur i Norge), men eldre registreringar ligg òg inne i Naturbasen og gir rett på støtte. I nokre få tilfelle er registrerte område ikkje lagt inn i databasen, men gir likevel rett på støtte.

Er mine område kystlynghei?

Sjølv om det er registrert svært mykje kystlynghei i Rogaland er det ennå mange utmarksområde som ikkje er kartlagde og som truleg kan få denne statusen. Nye kartleggingar blir gjort etter NiN-metoden, Natur i Norge. NLR Rogaland utfører ikkje NiN-kartlegging. Dette blir i hovudsak gjort av konsulentfirma eller frittståande kartleggarar. NLR Rogaland er godkjent som bestillar av NiN-kartleggingar og har vore mellomledd og hjelpt til med søknadar for å få område kartlagde. Alle kan bestilla ei privat kartlegging for sine område, men dette er kostbart. Kvart år blir ein del område prioritert for offentleg kartlegging. Ein kan melda inn ønske om å bli prioritert ved slike kartleggingar, men dette kan ta tid. Ved nye vegprosjekt, kraftlinjer, vindkraftutbygging o.l. er det krav til utbyggar å legga fram NiN-kartlegging for området.

Miljødirektoratet sin kartportal til Naturbase

https://geocortex02.miljodirektoratet.no/Html5Viewer/?viewer=naturbase