Mari Aker

Eikværing med brunt hjarte og med delvis opphav frå Noregs vakraste bygd; Sigdal. Risikabelt å hevde slikt når ein bur på vene Voss.

Biogass er ein prosess der organisk materiale vert brote ned utan at det er luft til stades. I denne nedbrytinga vert det danna gass som i hovudsak består av metan og karbondioksid. Denne gassen kan nyttast til straum, varme eller drivstoff. Ved forbrenning vert det danna CO2 og vatn. Sidan råstoffet kjem frå organisk materiale vert forbrenninga rekna som CO2-nøytral då vi ikkje tilfører ny karbondioksid, som ikkje allereie er ein del av det naturlege krinslaupet. I Asia er det fleire millionar små biogassanlegg der gassen vert nytta i hushaldet.

Dersom ein reinsar gassen for karbondioksid (oppgraderer gassen) kan metangassen nyttast som biodrivstoff. Dette kan erstatte fossilt brennstoff og gir følgjeleg ein klimagevinst.

Den faste massen som er att; rotneresten/bioresten/biogjødsla, kan nyttast på same måte som husdyrgjødsel. Sender ein berre husdyrgjødsel inn i eit biogassanlegg får ein om lag det same ut, men gjødsla er meir homogen og lagar mindre skorpe. Litt av tørrstoffet er brote ned og gjødsla er dermed tynnare. Delen plantetilgjengeleg nitrogen er høgare i biorest enn i ubehandla husdyrgjødsel. Produksjonen av mineralgjødsel krev mykje energi, og dersom vi kan erstatte noko mineralgjødsel med biogjødsel er dette gunstig for klima.

Ein kan i prinsippet nytte alle typar organisk avfall inn i eit biogassanlegg, men gassutbyttet avheng av at bakteriane i rotnetanken har gode og stabile forhold. Gjødselproduktet vil endre seg etter kva som vert nytta, og dersom ein skulle tilsette skadelege stoff inn i tanken kjem dette òg ut i gjødselproduktet. Det er strenge reglar kring kva ein kan nytte og dette må bønder sikre seg mot når ein inngår kontrakt om mottak av biogjødsel frå eit anlegg. Resirkulering av næringsstoff frå storsamfunnet (i dag vert ein del brent) og tilbake til landbruket, vil kunne erstatte meir mineralgjødsel.

Tap av gass frå gjødsellager er ikkje ynskjeleg. Utslepp av metan frå lager med biogjødsel vil vere lågare samanlikna med husdyrgjødsel. Kjølig vèr vil òg bremse tapa. Om du var i tvil; dette er klimavennleg. Dessverre ser vi ikkje same samanheng med reduksjon av ammoniakk eller lystgass frå husdyrgjødsellager. Det er heller ikkje til å skjule at biogassanlegg omfattar ein del transport av gjødsel.

Landbruksnæringa har inngått ein avtale med Regjeringa der det er åtte satsingsområde som skal gje bidrag frå landbruket i arbeidet med å redusere klimautsleppa. Fossilfri maskinpark, fossilfri oppvarming, betre bruk av gjødsla og bruk av husdyrgjødsel som råstoff i industrielle biogassanlegg er fire av desse punkta som alle har eller kan ha noko med biogass å gjere. Det er fleire spennande prosjekt på gang på Vestlandet.

Norsk Landbruksrådgiving er i ferd med å bygge opp eit rådgivingstilbod innanfor fornybare energikjelder på garden. Biogass er eitt av satsingsområda. Fornybar energi er heilt klart framtida! Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål!

Mari