Norsk Landbruksrådgiving Vest SA (NLR Vest) driv rådgiving og leveranse av tenester til våre 4000 medlemar innanfor landbruket og landbruksrelatert næringsliv. Vi er totalt 35 tilsette fordelt på 10 avdelingar frå Sunnmøre i nord til Sunnhordland i sør.

Sentrale oppgåver og ansvarsområde

  • Saman med eit aktivt styre og dyktige tilsette skal du utvikle verksemda, og sikre at vi leverer attraktive produkt og tenester for våre medlemar.
  • Du evnar å motivere og skape entusiasme, samtidig som du er tydeleg på forventningar.
  • I samråd med styret vil du ha ansvar for å utarbeide budsjett og sikre sunn forretningsmessig drift.
  • Som leiar har du ei viktig oppgåve i å forme kulturen, sette fokus på sunn verdiskaping og bidra til at tilsette og verksemda er godt førebudd på å møte auka konkurranse i åra som kjem.
  • Du syter for at verksemda vert driven i samsvar med vår visjon, verdiar, etiske retningslinjer og vedtekter.
  • Ei viktig oppgåve vil vere å utvikle gode relasjonar med dei andre 10 einingane i NLR, og bruke ressursane i organisasjonen på best mogleg måte. Du vil også representere NLR Vest i relevante fagforum, overfor kommunar, fylka og andre interessentar.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein person med leiarerfaring og dokumenterte gode resultat.
  • Salserfaring, gjerne frå rådgjevingsselskap eller salsorganisasjon.
  • Det er ein fordel med kunnskap om, eller erfaring frå, landbruket eller landbruksnæringa.
  • Du har høgare utdanning, gjerne innan landbruksfag, økonomiske fag eller leiing. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Du har evne til å skape gode relasjonar til medlemar og samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr:

  • Arbeidsstad vil fortrinnsvis vere Sandane, men våre andre kontorstader kan også vurderast. Reiseverksemd vert berekna til ca. 50 dagar pr. år.
  • Du vil arbeide saman med engasjerte tilsette som er blant dei beste i landet innan sine fagområde.
  • · I NLR Vest blir du del av eit jordnært arbeidsmiljø med lojale tilsette som trivst på arbeidsplassen.
  • Styret har ei aktiv rolle og vil vere ein viktig sparringspartnar og støttespelar for vår nye daglege leiar.
  • NLR Vest er ei kompetansebedrift og legg stor vekt på personleg og fagleg utvikling av våre tilsette.
  • Konkurransedyktige vilkår, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknadsfrist: 7. juni 2021.

Oppstart: Ønskt oppstart er 1. oktober 2021.

Kontaktperson: For ytterlegare informasjon om stillinga; ta gjerne kontakt med

  • Sigurd Reksnes (Styreleiar NLR Vest) på telefon 913 79 271
  • Liv Lyngstad (Dagleg leiar NLR Vest) på telefon 982 45 830