Torleif Bakke Haavik

Eg har låge forventningar til høg utdanning. I jobben som rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving har eg med sjølvsyn erfart verdien av treffpunktet mellom gardbrukaren på heimebane og den eksterne rådgjevaren. Eg har lært mange nyttige knep i drøset på eit framand kjøken. Gjennom å springa gardimellom og snappa opp lærdom frå dei som har florsstøvlane på, kan rådgjevaren vera med å spreia all den gode kunnskapen som er å finna kringom blant grepa gardbrukarar.

Ein eldre kar såg attende på eit liv som gardbrukar. Når han byrja som mjølkeprodusent fekk han like mykje betalt for ein liter mjølk, som det kosta å senda eit brev. I dag får gardbrukaren 5,9 kr per liter mjølk og det kostar 20 kroner å senda det same brevet. Kven betalar mellomlegget?

Historia frå ein andpusten drøs på vegdugnad, har tyngda til ei røys med tjukke bøker om industriell økonomi. Biletet er perfekt! Posten er på mange vis sjølve inkarnasjonen på effektivisering. Raske nevar og skarpe blikk, har dei siste tiåra vorte erstatta med moderne sensorikk og mekanikk. Postkontora er desimert, og utleveringa slanka ned. Ja, det er ikkje lenge før me sjølve lyt henta posten hjå avsendaren. Og dette vesenet har altså jordbruket sprunge frå; Posten!

For å vera heilt konkret. Går me to generasjonar attende i tid er me komne til 1963. Dette året fekk gardbrukaren ein grunnpris på 0,65 kr per liter mjølk som vart levert til meieriet. Same år kosta det 0,5 kr å senda eit brev. Går me ein generasjon fram i tid, til 1993, fekk gardbrukaren 3,13 kr per liter mjølk og det kosta 3 kr å senda eit brev; med B-post vel å merka. I dag får gardbrukaren 5,9 kr per liter mjølk og det kostar altså 20 kr å senda eit skarve brev.

Mjølkeprisen utgjer berre ein part av den komplekse totaløkonomien i ei gardsdrift. Likeins er drifta av Posten sikkert rimeleg komplisert. Det er difor katastrofalt å setja to strekar under dette dømet. Det er likevel pirrande å kjenna litt på kva som ligg bak utviklinga. Seier dette mest om bonden, Posten eller kanskje heilt andre faktorar?

Besten min var skippar på ei fiskeskøyte med eit mannskap på seksten. Han eigde i tillegg båten. Ansvaret som kvilte på han var soleis kolossalt. Før dei la ut på havet, mot Island, førebudde dei seg godt. I det dei la frå kai vart dei ein satellitt i bane over havbotnen. Kampen mot djupet var i gang.

I det du reiser deg frå sofakroken og byrjar å gjera noko praktisk, møter du brått skilnaden på lærdomen frå boka du nett la frå deg, og operativ røyndom. Ting går ikkje slik det skal. Problema står i kø frå første stund. Ting du aldri har tenkt på før, hender med stor kraft.

Sjølv om du har overhala båtmotor og fiskereiskap aldri so mykje, so vil du møta utfordringar på havet. Men det er ingen fjell å sjå opp mot, og ropa etter Faderleg hjelp. Det er ingen serviceteknikar eller lege å tilkalla. Du lyt klara deg sjølv. Når du får havari må du finna ei løysing. Du kan ikkje gå heim for dagen og sjå det an til neste dag. Det må handlast no, liv står på spel!

Parallellen til landbruk er openberr. Når du har slege ned 370 daa eng som skal ballast og ballepressa ryk på ball nr 42, ja då har du det travelt. Problemet er berre det at den delen som er roken får du ikkje over natta. Med ein stålbete, vinkelslipar, sveiseapparat og ei slangeklemme, får du lappa pressa saman til å balla resten av enga. Og det er her det sit: Driftskunstnaren bøyer ikkje av for presset og legg seg flat. Han ser både heilskapen og delane og skjønar kva som skal til for å halda tannhjula i gong når det står på; han improviserer. Før neste slått er pressa overhala i ro og mak.

Andre gongar er det nok å vita kven du skal ringa til for å få jobben gjort i ein fart. Same kva løysinga er, so må du finna ho sjølv…

Ikkje alle kan få sving på ei havarert rundballepresse over natta. Saka er at ein kapabel gardbrukar er kreativ og ser praktiske løysingar på daglegdagse utfordringar, so vel som akutte havari.

Økonomien i landbruket er fanga innan kvelande stramme grenser som er fastsett av Staten. Det vart losna litt på løkka i 2022, då det vart sprøytt inn friske midlar i næring. Kakekøen av opportunistar som skal ha sin part, er milelang. Slakken vert hala inn att. Mon tru om det vert nokre søte smular att på driftskontoen?

Ingenting er like sutlaust, kjekt og trygt som leamikk frå ein fabrikk. Dersom alt skal vera skinnande nytt heile tida, då sprengjer du fort grensa for landbruksøkonomien. Det usminka kravet er: Driv kreativt eller legg ned!

So kven er det eigentleg som betalar gapet mellom mjølkeprisen og brevporto? Du har gjetta riktig. Det er bonden som legg ut.

Ja, han har ofte dårleg råd fordi maten skal vera billeg. Delar av mellomlegget vert likna ut med at bonden er ein kreativ drivar; ein driftskunstnar. Men den høgste prisen betalar han med si eiga velferd. Helselaust arbeidsmiljø, einsemd, lange dagar, nattarbeid og familieslitasje fordi jamvel helgene går med til gardsdrift.

Bonden vert litt svidd i kantane av å vera i nærkontakt med liv og død, maursyre og store maskinar. Det gjeng ei grense for når bonden sjølv går opp i eld som eit frimerke.