Grovfôrprøvar og Surfôrtolken

01.01.2017 (Oppdatert: 15.08.2017)

Grovfôranalysar er et viktig hjelpemiddel

God økonomi i grovfôrbaserte husdyrproduksjonar er som oftast nært knytta til å produsere mykje, godt og billeg grovfôr. Har du nok grovfôr av god næringsmessig og hygienisk kvalitet, kan du spare mykje pengar på kraftfôr.

Grovfôrets kvalitet er avhengig av blant anna slåttetidspunkt, gjødsling, botanisk samansetjing og kor velukka ensileringsprosessen var. Ein analyse av årets grovfôr kan vere til stor hjelp når du skal planlegga den komande innefôringssesongen og neste års dyrkingsplan.

 

Korleis ta grovfôrprøvar?

Vi i NLR Rogaland kan komme til garden din og ta ut prøve med prøvebor. Vi pakkar og sender prøven inn til laboratoriet for deg. Ønskjer du det, kan du ta ut prøven sjølv og sende den inn til BLGG eller Eurofins. Det er då viktig å ta ut prøver frå fleire stader i siloen/fleire rundballar og blande prøvane (frå same slått) godt før du tar ut 0,5 kg som sendast til analyse. Prøva må pakkast i tett plastpose og sendast tidleg i veka slik at den ikkje blir liggjande hjå posten over helga.

 

Kva tid skal du ta grovfôrprøvar?

Ønskjer du ein grovfôrprøve med gjæringskvalitet, bør du venta 6-8 veker etter at graset er lagt i silo/rundball. Då er gjæringsprosessen ferdig, og grasmassa er lagringsstabil.

  

Kva er «Surfôrtolken»?

«Surfôrtolken» er eit tilbod til våre medlemmer om å få ei oversiktleg tilbakemelding med forklaring av dine analyseresultat. I tilbakemeldinga vurderer vi kor vellukka årets grovfôr er, og tips om korleis du eventuelt kan forbetra det til neste år. Vi vurderer òg korleis grovfôret kjem til å fungere i kommande innefôringssesong.

 

 

 

Ønskjer du at vi skal ta ut ein fôrprøve på din gard? Ta kontakt med

Særheim

Ingrid Møgedal: 976 66 005 

Kristian Selstø:  959 78 071