
Legg ein plan og søk om tilskot før du grev!
Velfungerande grøfter og vedlikehald på det arealet ein har, er noko av det viktigaste ein kan gjera for å halda oppe avlingane.
Kor tett skal drensrøyra ligga? Dimensjon? Filtermateriale? Utforming og kummar?
- Høyr med rådgivarane våre. Dei er gode sparringspartnarar som kan koma ut på synfaring og laga ein plan for arbeidet, òg med kostnadsoverslag. Ved sida av tradisjonelle grøfter, kan dei og svara på profilering og omgraving, samt bidra med søknadar.