
Er du ein ung sauebonde, ny sauebonde eller ein sauebonde som ønsker å læra meir? Då er det berre å melda seg på Grupperåd Sau!
Det blir lagt opp til seks kveldssamlingar gjennom året med oppstart i august/september og avslutning i juni. På samlingane vil me ta opp tema som er aktuelle for tidsperioden me er inne i. Elles skal grupperådet bidra til at ein får utvida nettverket og utveksla erfaringar og problemstillingar med andre sauebønder og rådgjevarar.
Det er eit ønske om at besetninga er med i sauekontrollen.
Dato for samlingane er ikkje sett og kan delvis bestemmast i gruppa. Stad er avhengig av kursdeltakarane.
Program
1. samling (august/september)
Tema: Uttak av livlam, vurdering av slaktetidspunkt og innkjøp av vêr
2. samling (oktober)
Tema: Haldvurdering og fôrplanlegging i innefôringstida
3. samling (januar)
Tema: Grupperåd klimakalkulator med tiltaksplan
4. samling (februar/mars)
Tema: Fôring fram mot lemming og lemmingsrutinar
5. samling (april)
Tema: Snyltarbehandling
6. samling (juni)
Tema: Beitedrift og gjødsling
Pris
5000 kroner for medlem - 2000 kroner blir tilbakebetalt i samband med klimarådgiving.
8000 kroner for ikkje-medlem - 2000 kroner blir tilbakebetalt i samband med klimarådgiving.
Inkludert i prisen for Grupperåd Sau er 6 samlingar inkl. grupperådgiving i klimakalkulatoren og uttak og analyse av to fôrprøvar (verdi 3225kr). Fôrprøvane vil me bruka i diskusjonar rundt fôring og for å planlegga innefôringssesongen.
Påmeldingsfristen er ute for 2023-24.
Har du spørsmål, ta kontakt med Målfrid Grødem Njærheim.