Bli med på eit samla klimaløft i landbruket.

Saman finn vi dei rett klimatiltaka på din gard: gode klimatiltak bidrar til betre produksjon og økonomi.

Infografikk eng

Våre tenester:

NLR Klima førsteråd: Klimatilpass garden din!

NLR Klima førsteråd er eit tilbod om klimarådgiving på garden med utgongspunkt i Klimakalkulatoren. Klimarådgiving er eit verktøy for å gjera produksjonen på din gard meir økonomisk, agronomisk og klimasmart.

  • Individuell rådgiving: gardsbesøk 2-3 timar.
  • Du får ein rapport med forslag til tiltak for din gard.
  • Sjå heilskapen: NLR Rogaland samarbeider med Tine om klimarådgiving for mjølk og grovfôr.
  • Pris: To produksjonar (td. mjølk og grovfôr) - 8000kr. Ein produksjon (td. potet) - 6000kr.
  • Nytt i 2022: Du kan søke Regionalt miljøtilskudd for å få dekka heile NLR Klima førsteråd.

NLR Klima grupperåd: klimatilpass garden din saman med andre

NLR Klima grupperåd er eit tilbod om klimarådgiving med utgongspunkt i Klimakalkulatoren i gruppe saman med inntil 10-12 andre bønder. Meld di interesse for grupperådgiving. Me set saman grupper utifrå geografi og produksjon.

Grupperåd inkluderer:

  • 2 samlingar: ei digital (1 time) og ei fysisk (2-3 timar)
  • Godkjend klimahandlingsplan
  • Pris: 2000kr. Du kan søke Regionalt miljøtilskudd for å få dekka NLR Klima grupperåd.

Få meir informasjon om klimarådgiving

Kontaktpersoner klimarådgiving

Bard Oliver Gjellestad

Bård Oliver Gjellestad

Rådgiver
NLR Rogaland
Sand / Ølen
Randi hodnefjell

Randi Hodnefjell

Rådgiver
NLR Rogaland
Særheim