Arbeidsgruppe nytt gjødselregelverk vart oppretta i 2018, og består av eit samla rogalandslandbruk. Gruppa arbeider agronomisk, økonomisk og politisk for at nytt regelverk skal tena Rogalandslandbruket. Eit viktig mål er å oppretthalda og styrka matproduksjonen i Rogaland, samtidig som vasskvaliteten i bekkar og innsjøar stadig vert forbetra.

I eit brev til styresmaktene, Landbruks- og Matdepartementet og Klima- og Miljødepartementet, har me bedt om dialog i arbeidet med nytt gjødselregelverk. Me ber om å få legga fram nytt fagleg grunnlag frå Rogaland, samt få koma fram med våre synspunkt i arbeidet.

Eit team med Marit Epletveit, Rogaland Bondelag, Sveinung Svebestad, FKRA, og Helga Hellesø har informert politikarar og andre om konsekvensane for landbruket med skjerpa spreiearealskrav. Landbruket har gjennomført mange tiltak over mange år der ein har oppnådd positive miljøeffektar. Dette er eit langsiktig arbeid.

Møte med politikarar og andre

Teamet, Marit Epletveit, Sveinung Svebestad, og Helga Hellesø, har hatt fleire møte der hovudessensen har vore å få fram konsekvensane for Rogalandslandbruket ved skjerpa spreiearealskrav. Me har også vist til konkrete tiltak landbruket har gjennomført, og nye løysingar for landbruket framover, for å oppretthalda matproduksjonen og verdiskapinga i landbruket, samt tar vare på miljøet.

Frå i fjor haust og fram til sommaren er det gjennomført ulike møte om gjødselregelverket. Me hadde ein fagleg presentasjon for den nye stortingsgruppa til Senterpartiet i fjor haust. I vår hadde eit breitt Særheim-miljø møte med Landbruks- og matminister Sandra Borch med følgje på Særheim. Gjødselregelverket var også temaet på Varhaugsmøtet i mars. Den nye stortingsgruppa til Høgre, Margret Hagerup og Sveinung Stensland, spurte om møte, og Arne Sæbø, Sveinung Svebestad, Per Harald Vabø, Marit Epletveit og Helga Hellesø deltok. Teamet har også hatt møte med stortingsrepresentant Olaug Bollestad frå Kristeleg Folkeparti, samt to frå stortingsgruppa til Arbeidarpartiet; Tove Elise Madland og Hadia Tajik. Me vart også inviterte til Teamsmøte i mars med Landbruks- og matminister Sandra Borch og Klima- og miljøminister Espen Barth Eide med følgje.

I møta har deltakarane vore lyttande med gode spørsmål og refleksjonar. Det vert spurt etter det nye faggrunnlaget frå Rogaland, som er under utarbeiding.

Nytt faggrunnlag frå Rogaland

Eit nytt faggrunnlag frå Rogaland for avlingstal og opptak av fosfor i graset, og utvikling av fosfortilstanden i jorda, skal etter planen vera ferdig i midten av september.

NMBU, ved Harald Volden, er ansvarleg forskingsinstitusjon. Helga Hellesø, NLR Rogaland/Rogaland Landbrukspark, er prosjektleiar, og har med seg Stein Lima, FKRA, Målfrid Grødem Njærheim og Håkon Pedersen, NLR Rogaland, Norolf Husveg, Tine, og Jørn Viste, bonde, i arbeidet. Arbeidet vert støtta av Landbruksråd Rogaland, Forum Ku, Rogaland landbruksselskap og Rogaland fylkeskommune.

Bakgrunnen for arbeidet er spørsmål kring faggrunnlaget som er brukt av direktorata til utkast til nytt regelverk. Me treng dokumentasjon frå Rogaland. Landbruksdirektoratet foreslo høgste lovlege mengde fosfor pr da til 3,0 kg, og at mengda vert trappa ned til 2,5 kg fosfor pr da etter ytterlegare 10 år. Miljødirektoratet ønska strengare tiltak med eit tak på 2,1 kg fosfor pr da.

Økonomiske konsekvensar

Med den minst strenge skjerpinga i spreieareal vil driftsresultatet endra seg frå 10-25 % i negativ lei. Dette er berekningar Jæren Rekneskapslag har utført på 10 heiltidsbruk med ulikt driftsopplegg. Med ytterlegare skjerping vert det økonomiske resultatet enno dårlegare. På makronivå viser rapporten frå NIBIO samfunnsmessige konsekvensar.

Landa regelverket denne Stortingsperioden

På Varhaugsmøtet 8. mars signaliserte landbruks- og matministeren at ho har mål om at regelverket vert landa denne stortingsperioden. Det er fleire departement som er involverte, bl.a. både Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Forslag til nytt regelverk som det vert arbeidd utifrå, vart oversendt departementa frå direktorata i 2018.