Helikpopterkalking 1 Foto Asbjorn Ramsli
Helikopterkalking med Pegasus Foto: Asbjørn Ramsli
Helikpopterkalking 2 Foto Asbjorn Ramsli
Helikopterkalking med Pegasus Foto: Asbjørn Ramsli
Helikpopterkalking 3 Foto Asbjorn Ramsli
Helikopterkalking med Pegasus Foto: Asbjørn Ramsli

Beitekalking med helikopter - litt historikk

Det er lenge sidan dei første begynte å tenkje på om helikopter kunne vere ein mogeleg hjelpar for å få ut kalk på beita. For snart 25 år sidan, våren 1994, vart det for første gong kalka beite med helikopter i Dalane i Sør-Rogaland. Dette var eit prøveprosjekt som viste lovande resultat, og mange var interesserte i å nytte denne spreiemetoden.

I 1999 vart det igjen organisert kalking med helikopter, og frå då vart det kalka årleg i 7 år. Seinare er det kalka meir eller mindre årleg, og dei siste åra annankvart år. Kalkinga vart snart utvida frå å vere eit tilbod i Sør-Rogaland til å omfatte også resten av Rogaland og nabofylka.

Metoden

Kalken ligg på lager i Eydehavn, og derifrå transportert i bulkbil til kalkeområda. Kalk blåsast over i spreiebøtter under helikopteret der vanleg dosering er 350 kg pr dekar. Jobben vert utført raskt og med presisjon dersom ikkje tåke eller vind forsinkar arbeidet. Enkelte år kan også snøen blir eit element å ta omsyn til når spreietidspunkt skal fastsetjast.

Det blir brukt vanleg grovdolomitt med kalkverdi 38/50 i 1.års og 5.års verknad. Denne kalken inneheld 11 % magnesium. Den kjem frå same gruve som den vanlege grovdolomitt (Agri Dol) i sekk. At det blir brukt vanleg dolomittkalk gjer at me forventar meir avdrift enn tidlegare, for då var helikopterkalken er litt grovare, og dermed gav mindre støv.

Jamn spreiing

Ved prøvekalkinga i 1994 vart det utført ei enkel registrering av Dalane Forsøksring. 9 småruter â 0,5 m x 0,5 m vart tilfeldig lagt ut på 3 beite som blei helikopterkalka.

Jordprøver før kalking og 2 år etterpå viste godt samsvar med forventa pH-auke, noko som tyder på jamn spreiing. Bønder har også følgt med på spreiejobben som har blitt gjort på beita deira, og fleire har meldt tilbake om jamn spreiing på høgde med det ein får til med kalkvogn.

God beitekvalitet

Registreringa som vart utført ved prøvekalkinga i 1994 omfatta også botanisering før og etter kalking. To år etter kalking var det tendens til at m.a. mengda av rapp hadde auka på desse beita. God kalktilstand på beita gjev betre plantevekst, betre utnytting av næringsstoffa i gjødsla og favoriserer ynskjelege beiteplanter som rapp og kløver. Beitekvaliteten aukar og beita blir meir attraktive for dyra.

Helikopterkalking 2023

Beitekalking med helikopter, aktuelt for deg?