I juni skreiv eg ein blogg basert på bilde og observasjonar gjennom vinteren, våren og til etter 1. slåtten. Overvintringa gjekk fint, trass i fleire periodar med forholdsvis hard vinter.

Sjå bloggen her

Korleis gjekk det vidare utover i sesongen?

Det er teke fôrprøver og vege rundballar, og det er brukt ein del godt kvalifisert skjønn til å rekne ut avlinga på denne raigrasenga. Sjå tabellen!

Dato

Tørrstoff-

%

Tal ballar

pr. dekar

Råprotein

g pr. kg TS

FEm

pr. kg TS

FEm

pr. dekar

1.slått

01.06

40

1,8

167

0,99

545

2.slått

30.06

35

0,8

200

0,92

240

3.slått

30.07

-

0,9

-

240

4.slått

31.08

33

0,9

190

0,93

250

Sum

4,4 ballar

1275 FEm

Det er ganske nøyaktig ein månad mellom kvar slått. Det var også betydeleg gjenvekst etter 4. slått. Vi kan sikkert diskutere feilkjelder når det gjeld resultata i denne tabellen, men tala bør vere ei god rettesnor på kor stor avling og kva slags kvalitet vi kan rekne med på ei eldre raigraseng. Energikonsentrasjonen er svært bra. Vi legg og merke til at proteininnhaldet på 2. og 4. slått er i høgste laget. Vi har ikkje opplysningar om gjødselstyrke, men det er nok gjødsla i sterkaste laget med nitrogen.

4 slatt 31 08
4. slått blei teken 31.08.
1 okt
Slik såg enga ut 1. oktober, ein månad etter 4. slått.
Skjermbilde
Vi har lagt ut bilde frå denne raigrasenga på Instagram fleire gonger. Du kan sjå ein video frå 4. slått der. Dette er det innslaget som har nått klart lengst av alt vi har lagt ut på Instagram! Til no er det registrert godt over 8000 avspelingar og over 700 har klikka på «like-knappen».