Grovfôrsesongen 2023 er over og grovfôranalysane frå dykk som er medlemmer tikkar stadig inn. Førsteslåtten vart god både avlingsmessig og vêrmessig for dei som kom i gang tidleg, men seinare vart det utfordrande med mykje nedbør og korte haustevindauge.

Kjøp/sal av fôr og prissetting er eit tema som vi i NLR Vest ofte får spørsmål om. Ein rundballe kan variere svært mykje både m.o.t. fôrkvalitet og fôrmengde, og utan å vite noko om dette er det uråd å gje råd om pris. Ballevekt og tørrstoffinnhald er dei to faktorane som i sterkast grad påverkar fôrmengda i ein balle. Informasjon om kvalitet på fôret er sjølvsagt også viktig for å prise det rett.

Korleis finne rett pris?
I prosjektet «Grovfôr 2020» som vart gjennomført for 5-6 år sidan, kosta gjennomsnittsrundballen i Norge 500 kr. Då var både variable og faste kostnader teke med i reknestykket. Løn for arbeidet var også lagt inn. I dag vil tilsvarande kostnad vere minst 700 kr.
Under har vi lista opp kva kostnadsfaktorar som ein i alle fall bør ta med for å kunne vite noko om ballekostnaden. Nokre kostnader knytt til dyrkinga av fôret (jordvedlikehald, drenering og fornying av eng) er utelate.

• Husdyrgjødsel
• Mineralgjødsel
• Slått og raking
• Pressing med 8 lag plast
• Ensileringsmiddel
• Transport ut av enga/til lager ved fjøsen

Vate rundballar
Å prise rundballar utan å vite vekt og tørrstoffinnhald er svært vanskeleg. Godt fortørka gras gir faste og formstabile ballar med mykje fôr i, medan lite/ikkje fôrtørka gras gir ballar med lite fôr og ofte dårleg kvalitet.

Grovfôr 2020-prosjektet viste at kostnaden med husdyrgjødsel varierte veldig mellom bruk. Val av mekaniseringslinje og transportavstand betyr mykje. Ofte vil kostnaden knytt til bruk av husdyrgjødsel vere 150-200 kr pr balle. Slepeslange og pumping rett frå hovudlager er den mest kostnadseffektive spreiemetoden.
Kostnaden med mineralgjødsel er enklare å sette enn husdyrgjødsel då arbeidskostnaden er mykje lågare. Prisen har vore høg i lang tid, men frå i sommar har også fullgjødsla moderert seg i pris. Den billegaste mineralgjødsla, OPTI-NS 27-0-0 (4S), kostar pr. 20. okt. ca. 4,80 kr pr. kg (ca. 18 kr pr. kg N), men mange har gjødsla i vår og sommar med gjødsel som vart kjøpt inn dyrt hausten 2022. Slått, spreiing og raking er arbeid som gir ein relativt låg kostnad pr. balle. Dette er operasjonar som skal legge grunnlag for god fortørking og dermed lågare pressekostnad sidan fôrmengda pr. balle aukar.


Pressing av ballen med tilstrekkeleg plast er den operasjonen som har den høgste kostnaden. Entreprenørprisar vil variere; i ei bygd i Sunnfjord vart entreprenørane einige om 285 kr pr. balle denne sommaren. Dei mest nytta ensileringsmidla basert på maursyre har auka kraftig i pris siste åra. Mange er flinke til å fortørke graset, og då har ein eit større spelerom for val av ensileringsmiddel. Kostnaden vil variere frå 0 kr (utan ensilering) til 60-80 kr pr. balle.

Arbeidet med å få ballane ut av bøen og til lager er gjer seg ikkje sjølv. Kva dette kostar er rimeleg greitt å finne ut av ved å sjå på tidsbruken, timesatsen og tal ballar ein flyttar. Hugs at bruk av eigen traktor fort kostar 200-300 kr pr. time.


Sluttkommentar
Det er ein klar fordel for både seljar og kjøpar at ein prisar rundballar rett. Ingen kan selje fôr med tap over tid, og aktive bønder treng fôrprodusentar som produserer godt grovfôr.