Dei siste åra her det vore ein del snakk om grasarten strandsvingel, ofte sorten Barolex. Men kva er eigentleg dette for eit gras? Kor egner det seg? Og korleis skil det seg frå dei grasartane me kjenner frå før?

Artikkelen var fyrst på trykk i Bondevennen nr 32, 2021.

Stransvingel er ingen ny grasart. Det har lenge vore sortar som Sway, Kora eller hybridsorten Hykor på marknaden. Desse sortane er kjent for å ha svært grove og stive blad med dårleg smak. Dei siste åra har nye mjukblada sortar blitt meir og meir vanleg sørover på kontinentet. Nokre av desse er òg importert til Noreg. Den mest kjende av desse er sorten «Barolex» frå frøfirmaet Barenburg i Nederland.

Djupe røter

Strandsvingel er ofte assosiert med stor rotmasse og djupe røter. Dette gir fyrst og fremst ein fordel på tørkeutsett jord. I Danmark er til dømes strandsvingel mykje brukt på den lettaste sandjorda. Òg i Noreg såg me tydeleg denne fordelen i 2018, då forsøksruter med strandsvingel klarte seg mykje betre enn til dømes timotei og raigras i varmen. Den store rotmassen gir også strandsvingel eit anna bruksområde. Mange har prøvd strandsvingel på myrjord i håp om at den skal auke bæreevna til jorda. Tilbakemeldingane tyder på at dette har effekt. Rotmassen til strandsvingelen armerer jorda og gjer ho meir køyresterk. Men strandsvingel er eit tuegras. Dermed vil det ikkje danne ei «matte» slik som til dømes engrapp vil gjere. Derfor kan ein oppleve at jorda er betre å køyre på, men at det likevel fort kan verte svarte spor etter traktoren. Dersom formålet med strandsvingel er at jorda skal verte meir køyresterk, tilrår me å blande inn engrapp (5-15%) for å «tette» mellom strandsvingeltuene. Er jorda svært køyresvak, er dreneringstiltak meir effektivt enn strandsvingel.

Smak

Sjølv med nye mjukblada sortar vil strandsvingel ha dårlegare smak enn timotei og raigras. Det er ikkje slik at dyra ikkje vil ete strandsvingel, men dersom kua/sauen/geita har moglegheit til å velje, vil timotei verte spist fyrst. Så raigras - og så strandsvingel til slutt. Ein må likevel ikkje blande strandsvingel med grasarten strandrøyr. Strandsvingel har ein mykje betre smak enn strandrøyr. Det skal òg namnast at gjæringskvaliteten kan bety vel så mykje for smaken som grasarten. Dyra vil truleg heller ete velgjæra strandsvingel enn feilgjæra timotei. I tillegg kan ein styre smakligheiten ein del med slåttetid. Tidlegare slått vil auke smakligheiten på fôret.

Fordel med redusert smak?

Ein del bruker òg den reduserte smaken til sin fordel. Det gjeld spesielt i områder som har problem med at hjorten beiter på jorda. All den tid timotei og raigras smaker betre enn strandsvingel, vil hjorten prioritere beiting på timotei framfor strandsvingel. Fleire har rapporter om hjortesti gjennom strandsvingelenga og over til naboen si timoteieng. Dette vil sjølvsagt berre fungere så lenge nokon naboar framleis dyrker timotei. Men ein må òg ha med seg at strandsvingel toler beiting veldig mykje betre enn timotei, og ikkje vil gå så fort ut ved hjortebeiting.

Overvintring

Det har ikkje vert problem med overvintring av dei nye sortane av strandsvingel i Rogaland, så langt me kjenner til. Dansk rådgiving opplyser at dei reknar strandsvingel for å overvintre mykje betre enn raigras.

Avling og vekstrytme

Stransvingelen er eit typisk bladgras, og vert ofte omtala som eit «gjenvekstgras». Det betyr at grasarten ikkje nødvendigvis gir ein svært stor fyrsteslått. Men at den har svært stor og rask gjenvekstevne etter slått. I forsøk har me sett at avlingsfordelinga ofte er om lag 40 prosent på 1. slått, 30 prosent på 2. slått og 30 prosent på 3. slått. I enkelte år har avlingsfordelinga vist tre slåttar som er like store. Spesielt veksten utover hausten er unik for strandsvingel. I forsøk viser strandsvingel ein betydeleg høgare avling på 3. slått enn både raigras og timotei. Det totale avlingsnivået er om lag som fleirårig raigras. Då strandsvingel har sin styrke i gjenveksten etter slått, egner den seg best i slåtteregimer med tre eller fleire haustingar (beiting eller slått). Dersom ein har eit slikt regime vil strandsvingelsortane gi betre avling enn timotei. På grunn av den gode veksten utover hausten, kan strandsvingel vere svært aktuelt dersom ein er avhengig av gode haustbeite. Dersom ein ynskjer eit regime med to slåttar, vil timotei gi det beste resultatet.

Timotei og strandsvingel Ole arnfinn roysland
Timotei gir hoveddelen av avlinga i 1. slåtten, medan strandsvingel er eit ”gjennvekstgras” som gir store avlingar òg i 2. og 3. slåtten. Her er to avlingar fotografert som både er 1. års eng (attlegg i 2020). Begge vart slått same dag, av same entreprenør, med same stubbhøgde, og både har fått lik gjødsling. Timotei til venstre og strandsvingel til høgre. Både er slått 4. juni. Bileta er tatt 21.juni.

Treg etablering

Strandsvingel er treg i etableringa. Det gjeld spesielt i såingsåret. Dersom du sår timotei og strandsvingels same dag, vil enga med timotei vere klar for slått to til tre veker før strandsvingelen. Men på grunn av den store gjenvekstevna til strandsvingel er det som oftast mogleg å at to slåtter på attlegg av strandsvingel òg. Dersom du er uheldig, og får dårleg etablering i såingsåret, kan du oppleve at det går langt ut i fyrste engår før strandsvingelen er skikkeleg etablert. Somme hevdar at den ikkje gir topp yting før 2. engår, sjølv om den så langt har gjort det i NLR Rogaland sine forsøk. Den trege etableringa gjer at strandsvingel er ueigna til direktesåing i etablert eng.

Reinbestand eller blanding?

Den trege etableringa påverkar òg i kva grad strandsvingel egner seg i blandingar. Spesielt i blanding med raigras skal du passe på så ikkje strandsvingelen vert konkurrert ut i såingsåret. Frøforedlingsfirmaet Barenburg opplyser at dersom ein skal blande strandsvingel og raigras, bør det vere minimum 70 prosent strandsvingel i blandinga. Då strandsvingelen veks i tuer, kan det likevel vere greitt å blande inn noko anna for å tette mellom tuene. Til dette kan både engrapp og diploide raigrassortar vere aktuelt. Elles kan blanding av ulike sortar strand- og raisvingel vere aktuelt. Blanding med strandsvingel og timotei kan vere utfordrande, då desse to artane føretrekk ulike slåtteregimer.

Noko for deg?

Strandsvingel er i hovudsak aktuelt dersom du ynskjer tre eller fleir avlingar (hausta eller beita), og er redd for at raigraset ikkje vil trivast. Det kan òg vere aktuelt på svært bæresvak jord eller på område der det er problem med hjortebeiting

Strangdsvigel haustbeite turid fitjar
Lam beiter gjenveksten av strandsvingel etter 3 slåttar. Bilete er tatt i oktober. Foto: Turid Røysland Fitjar