Klimaforskarane lovar oss høgare temperaturar og kortar vintrar. Vekstsesongen, tida der gjennomsnittstemperaturen er over 5 grader har blitt lengre. Seinhaustes er det sannsynlegvis lyset som avgrensar planteveksten i ytre strok av Rogaland, ikkje temperaturen. Våren er litt annsleis, ofte med gode lysforhold frå februar av, før temperatur i jord og luft er høg nok for plantevekst.
Når startar vekstsesongen? Tabellen under viser dato for når middel lufttemperaturen har vore over 5 oC i 5 dagar, der også jordtemperaturen er over 2 oC
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
|
Særheim |
8. april |
27. mars |
6. april |
26.mars |
14.mars |
Hjelmeland |
8. april |
28. mars |
6. april |
27.mars |
14.mars |
Etne |
10. april |
28. mars |
6. april |
26.mars |
14.mars |
Med tanke på gode lysforhold og mildare vintrar: Kan tidlegare vårgjødsling med lettløyseleg nitrogen og/eller svovel auka avlingane? - eller klarar enga seg med reservane som er lagra frå tidlegare?
I samarbeid med NIBIO og andre avdelingar av NLR har vi dei siste åra hatt forsøk med tidleg vårgjødsling i etablert eng. Gir dette auka avling?
Resultata er klare!
Konklusjonen frå forsøket er at tidleg vårgjødsling gir ein liten, men likevel sikker auke i avling. I gjennomsnitt er auken i tørrstoffavling 6 til 7%. Forsøket viste også at dette ikkje hadde negative effektar på fôrkvaliteten.
Felta hadde også eit ledd der ein testa ut delt gjødsling. Sjølv om det var ein tendens til at delt gjødsling der ein tilfører alt svovel tidleg ga auka avling målt i foreiningar var resultata usikre. På grunn av at det er gjødsla med husdyrgjødsel på andre tider enn ein har gjødsla med mineralgjødsel har det i òg vore ei delt gjødsling på ledda kor all mineralgjødsel er gitt på same tid. På felta det ikkje er brukt husdyrgjødsel gjev leddet med delt gjødsling best avling. Dette kan tyda på at delt gjødsling er positivt, men at me får mykje av den positive effekten når me gjødslar med mineralgjødsel og husdyrgjødsel kvar for seg.
Les heile rapporten frå Nibio
Sein gjødsling gir avlingsnedgang!
I rapporten er effekten av tidleg gjødsling (6-7% avlingsauke) omtalt som liten. Men er den så liten eigentleg? Vår meining er at ein forskjell på 6-7% er ganske mykje når den einaste endringa ein gjer er å flytte gjødsling-tidspunktet 3 veker tidlegare og det har dermed inge auka kostnad.
Kva som er rett tidpunkt på din gard vil vera avhengig av kor tidleg våren kjem på garden din. Men rådet frå oss er at å utsette vårgjødslinga kan gje ein avlingsreduksjon og at det å vera tidleg ute med handelsgjødsla er god agronomi.
Det er vankeleg å gi generelle råd om tidspunkt, men i ei normale år vil dermed gjødsling i april i kystområda og låglandet her på sør-vestlandet vera rett.