Denne artikkelen var fyrst på trykk i Bondevennen nr. 14/2022.

Det er vanskelegare å drifte eit godt beite enn å drifte ei god eng. Det er derfor ekstra viktig å bruke augene godt og aktivt tileigne seg erfaring. Eit tiltak for å overvake produksjonen i beitet er å lage seg nokre faste målepunkt. Ved å måle desse ein gong i veka vil du følge med på om beitetrykket er høgare eller lågare enn grastilveksten. I tillegg vil du få ein peikepinn på kor mange dyr du kan auke med, eller bør redusere med på beitet. I Storbritannia reknar dei at 1 cm gras tilsvarer omlag 25 kg beitegras (tørrstoff) pr. daa.

Tabell beitegras lant fra bondevennen
Tabell henta frå Bondevennen.

Du bør ikkje beite graset lenger ned enn til tre-fire cm. Dette er eit absolutt minimum. Ser du til dømes at saueskiten «ligg oppå graset» er graset beita alt for snautt. Då har graset liten bladmasse og kan derfor ikkje utnytte sollyset skikkeleg. Det gir treg gjenvekst og dårleg produksjon på beitet. I tillegg tvinger du dyra til å beite svært nær si eiga avføring, som vil framprovosere eit endå større problem med innvolssnyltarar.
Med aktiv observasjon av beitet kan du sette inn tiltak i tide for å unngå at beitet vert så snautt. Oppdagar du at beitetrykket er høgare enn grastilveksten, er dei mest akutte tiltaka å redusere talet på dyr eller å tilleggsfôre med rundball eller kraftfôr. I tillegg bør du vurdere å tilføre meir næring til graset gjennom gjødsling. Ofte er det naudsynt med ein kombinasjon av fleire tiltak.
For dei som driv med sau eller ammeku er det lurt å notere seg kva dyr som går på dei ulike beita, og måle gjennomsnittleg tilvekst på dei ulike beita opp mot kvarandre. Det kan du mellom anna gjere med funksjonen «beite/binge » i sauekontrollen eller storfekjøtkontrollen. Dette vil gi deg eit indirekte mål på ytinga til dei ulike beita. Beite som yt dårleg krev at du set i verk tiltak.

Kalk – grunnlaget for godt beite

På same måte som graset i enga, responderer beitegraset svært positivt på korrekt pH. Ein pH mellom 6,0-6,5 vil både syte for maksimal utnytting av tilført næring, samstundes som det favoriserer produktive og smaklege grasartar. I tillegg ser det ut som om kalking i seg sjølv påverkar smaken til beitegraset i positiv retning.
Sjølv om pH over 6,0 er å rekne som optimalt når du produserer gras, gjeld lova om «avtakande utbyte». Det vil i praksis seie at du får større effekt av å hevje pH frå 5,2 til 5,7 enn du får ved å hevje pH frå 5,7 til 6,2. Derfor tilrår me å starte med dei suraste beita når du skal kalke. Best smaklegheit på beitegraset, mest kløver og best utnytting av tilført næring, får du derimot med ein pH over 6,0.
Ofte er det enkelte område i beitet dyra liker seg best på, mens andre område ser me at dyra nesten ikkje vil gå. I dei fleste tilfelle er pH og grasart dei viktigaste faktorane som skil desse områda frå kvarandre. Kalking vil påverke begge desse faktorane positivt.

Sau pa beite foto ole arnfinn fitjar
God start: Produktive beiter danner grunnlaget for at dyra kan ta ut vekstpotensialet sitt. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar

Næring

Sjølv ikkje beitegras kan leve på luft og kjærleik. Det må tilførast næring òg. Frå våren av er det mykje lys, men lite plantetilgjengeleg næring frå jorda. Derfor kan du med fordel køyre på næring til plantene så snart det er vekst i graset. For dei aller fleste startar grasveksten i 2022 i siste halvdel av mars. Tilfør breispektra næring i form av fullgjødsel, helgjødsel eller husdyrgjødsel på den fyrste gjødslinga. Tidleg tilførsel av breispektra næring vil favorisere produktive beitegrasartar og legge til rette for tidleg beiteslepp.
Har du stort areal, pH over 6,0 og mykje kløver i beitet, kan grunngjødslinga på våren vere nok for heile sesongen. For dei fleste er det likevel naudsynt å tilføre meir næring gjennom sesongen. Sjølv «overvakse beitegras» lenger uti sesongen kan med fordel få litt gjødsel. Dette vil både auke smaken på graset og stimulere til ny bladvekst frå grasrota. Dermed vert det meir attraktivt å beite det.

Utover beitesesongen er det som regel tilstrekkeleg å tilføre nitrogen. Du får dei beste og smaklegaste beita ved å tilføre litt nitrogen fleire gonger gjennom beitesesongen. Ofte og lite. I praksis er det vanskeleg å gjødsle med svært små mengder. Derfor går det ofte fire-seks veker mellom kvar gjødsling.
Gode beite treng 1 kg nitrogen pr daa kvar veke. Dette tilsvarer i underkant av 4 kg med 27-0-0 i veka. Dersom du gjødslar kvar femte veke, vil dette tilsvare om lag 18 kg kvar gong. Dette er sjølvsagt eit utgangspunkt og må justerast etter beitetrykk, grasvekst, temperatur og så vidare. Prioriter dei områda av beitet der dyra beiter mest aggressivt. Desse har oftast god pH, er smaklege og produktive beitegrasartar som rapp og beiteraigras.
Eit godt beite kan gje like mykje avling som ei god eng, og lik enga må beita òg tas vare på. Dei er ein fantastisk ressurs og set du inn rette tiltak for å heve kvaliteten, kan du hente store verdiar frå beita.

Beite2
Tidleg på’an: Det er viktig med tidleg tilførsel av næring. Tvillinghjul reduserer veltefaren i svært ulendt terreng. Ta gjerne med ei bøtte for å gjødsle for hand dei plassane du ikkje kjem til med traktor. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar