Berre tre prosent av Noregs landareal er i dag dyrka mark, altså rundt 10 millionar dekar, inkludert overflatedyrka jord og innmarksbeite. Men kva er jord, eigentleg? Jord eller lausmassar blir brukt som felles omgrep for alt naturleg organisk og uorganisk lausmateriale som dekker berggrunnen. Jordsmonn er den øvste delen av jorda som blir påverka av klima, plantar og jordorganismane. Med matjordlaget meiner vi dei øvste ca. 0 til 25 cm.
Det vrimlar under jordoverflata!
Jordsmonnet er eit av dei viktigaste globale reservoara for biologisk mangfald. Det inneheld blant anna bakteriar, sopp og mange meir høgtståande organismar som for eksempel nematodar, midd, biller og meitemark. Jorda er eit komplekst og variert system som består av mineralske aggregat av ulik storleik og organiske komponentar, med porer i ulik storleik fylt med luft og/ eller vatn. Dette skapar leveområde for det biologiske mangfaldet i jorda. God jordstruktur og aktivt jordliv er avgjerande for jorda si evne til å lagre karbon.
Kva påverkar jorda og jordhelsa?
Jorda blir stadig påverka av fysiske, kjemiske og biologiske faktorar. Fysiske faktorar er for eksempel jordstruktur og -tekstur, porestorleik, vassinnfiltrasjonsevne og lufting. Kjemiske faktorar er blant anna pH, medan den mikrobielle biomassen, insekt og meitemark er eksempel på biologiske faktorar. Du kan tenkje på ein krakk med tre bein: Krakken vil berre vere stabil når dei tre beina er i balanse. Samspelet mellom dei ulike faktorane er veldig kompleks, og ikkje alt lar seg påverke, som for eksempel temperatur og nedbørsmengd.
Viktig treeining: Jordhelsa er avhengig ein balanse mellom fysiske, kjemiske og biologiske faktorar. Ikkje alle lar seg påverke.
Jordhelse - viktig også for din gard?
Ja! Når vi snakkar om jordhelse, snakkar vi om jorda si evne til å fungere som eit levande system. Dette systemet bidreg til ta vare på plante- og dyreproduksjon, oppretthalde eller forbetre vass- og luftkvalitet og fremje plante- og dyrehelse. Eit mangfald av jordorganismar i frisk jord bidreg til å kontrollere plantesjukdom, insektangrep og ugras, dannar gunstig samarbeid med planterøter og resirkulerer næringsstoff. Jordorganismane bidreg også til ein betre jordstruktur som kan halde på vatn og næring, og der samla effekt gjev betre forhold for planteproduksjon.*
Ta vare på jorda di
Du kan ikkje «byte ut» den jorda du har heime på garden, men du kan bidra til betre jordhelse. Korleis? Gjennom kunnskap om biologiske prosessar kan du tilpasse driftspraksisen med omsyn til jordtype, klima og produksjon på staden. Eit godt beitesystem med passeleg dyretettleik kan bidra til betre jordhelse. Køyr berre på lagleg jord med rett dekk og lufttrykk, og ha faste køyrespor eller køyremønster. Prøv å auke artsmangfaldet av plantar og ha minst mogleg bar jord. Kvifor? Fordi fotosyntesen og det symbiotiske forholdet mellom soppar og planterøter er dei viktigaste forutsetningane for jordbygging.
Markdag, grupperåd eller rådgjeving heime hjå deg?
Ynskjer du besøk ute på jorda di, eller kanskje ein markdag? Har du lyst å vere med i ei erfaringsgruppe og diskutere diverse jord-problemstillingar på faste møte gjennom sesongen 2022? For å kunne bidra til betre jordhelse er det viktig å kjenne til det som skjer under jordoverflata.
Ved å grave hol og undersøkje jorda kan du lære mykje om jordart og -struktur, vasstransport, lufttilgang, biologisk aktivitet, plantevekst og rotutvikling.
Er du usikker på korleis du skal kome i gang? Vi kan vise deg enkle trinn du kan gjennomføre for å vurdere jordforholda. Hugs at driftspraksisen på garden har stor innverknad på jordliv, jordstruktur og innhald av organisk materiale. Ta kontakt med NLR-rådgjevaren din!