Haustkveita likar leirjord, og er derfor særs gunstig i områder med bakkeplanert leire. Den gjør det generelt bra på tørkesvak jord, og er gunstig i vekstskifte med halvtidleg potet eller gamal eng. Havre som forkultur er også veldig bra. I tillegg til gode sjansar for stor avling, kan ein bekjempe kveke, tunrapp og andre grasugras med godt resultat i vekstsesongen. Etter at ein fekk Attribut Twin som har særs god effekt mot kveke og tunrapp, bør haustkveita inngå i ei planmessig bekjemping av bl.a. kveke.

Siste frist for såing er frå 15. september til slutten av september, avhengig av lokalklima. Sist i september må arealet vende mot sola, og det er ein stor fordel å sjå Trondheimsfjorden. Ein har også fått veldig bra resultat ved såing første veka i oktober på tørkesterk jord, men da er risikoen for havari noe større.


Sortsval

I år blir det i alle fall tilgang av Julius, Jantarka, Ellvis, KWZ Ozon, Magnifik) og Kuban av haustkveite hos FK Agri.

Julius er ikkje prøvd i Norge, men er tatt inn frå Sverige, for at FK Agri skal ha noe såkorn i systemet. KWZ Ozon , Kuban, Jantarka, Magnifik og Ellvis står framleis for det meste uhausta. Austlandet treng godvêr om vi skal få såkorn til rett tid. Julius er den mest dyrka sorten i Sverige, har god overvintringsevne, er sjukdomssterk og har eit stabilt falltal. Men kor god overvintringsevnen er, veit ein ikkje før den er prøvd i Norge.

Magnifik har veldig god overvintringsevne (på linje med Jantarka), og er den sorten som tåler best å vera under vatn noen gonger om vinteren. Passar derfor veldig godt på areal med risiko for overvintringsproblem på grunn av vatn eller barfrost. Tilrådd såmengde er 19 -22 kg/daa.

Jantarka har eit høgt avlingspotensiale, god overvintringsevne, men er relativt svak mot sjukdommar. Gir god avling med god soppbekjemping. Fôrkveite.

Kuban er ein stråstiv sort med stort avlingspotensiale. Litt tørkesvak Betre falltal enn Magnifik . Tilrådd såmengde frå 21 – 24kg/daa. Kuban er sannsynlegvis det beste valet om ein går for matkveite.

KWZ Ozon har stort avlingspotensiale og blir kanskje hovudsort på Austlandet. Utfordringa er proteininnhaldet. Overvintringsevne på line med Jantarka.

Ellvis sådd i 2019 blir fôrkveite i 2020. Ellvis har bra overvintringsevne og høgt falltal. Men blir klassifisert som fôrkveite frå neste år pga. ustabil bakekvalitet. Jantarka har betre overvintringsevne og større avlingskapasitet. Blir da eit betre val.

Strand Unikorn – Norgesfôr

Strand-Unikorn -Norgesfôr har i tillegg til Ozon, Ellvis og Jantarka, både Praktik og Torp. Torp er fôrkveitesort med litt dårlegare overvintringsevne og er lite aktuell i Trøndelag. Praktik var med første år i forsøk i 2018 og hadde avlingsnivå på line med Ellvis.

Praktik har god overvintringsevne, er litt tidlegare enn Ellvis, stabilt falltal og god bakekvalitet. Kan bli ein interessant sort.

Rug

Rug er generelt lite smart i Trøndelag pga. av at det ikkje er førsteønsket til kraftfôrindustrien.

Strand Unikorn har to sortar på sortslista. KWS Binntto og KWS Daniello. Begge er med på sortsfelt i år, men felta er ikkje trøska enno. FK Agri har i følgje heimesida tilgang på Marcelo populasjonsrug.

Rugkveite

På litt tørkesvak jord er rugkveite eit interessant alternativ til haustkveite, når det blir satsa på fôrkornproduksjon. Rugkveita er generelt meir tørkesterk, har nesten like god overvintringsevne og gir som regel større avling enn haustkveita. I alle fall når det blir litt for lenge mellom kvar regnskur.

Strand Unikorn har tre sortar på lista. Cappricia, Trapero og Probus. Cappricia er med i årets sortsfelt., som i skrivande stund står uhausta. Veit meir om noen dagar. FK Agri har Cappricia, Empero og Tulus på lista i dag.

Haustbygg

Er i prinsippet berre aktuelt om ein satsar på å så haustoljevekster etterpå. Vil nok dei fleste år ikkje bli ferdig i tide. Har generelt dårlegare overvintringsevne enn dei andre artene. Bør vera i jorda først i september. Begge firma har såkorn.

Overliggande såkorn

Om noen har såkorn av haustkorn på lager frå i fjor, er det ofte spørsmål om spireevna i år. Generelt er spireevna god også i år, om spireevna var god det året det vart produsert. Dette er uavhengig om kornet er beisa eller ikkje, så lenge det blir lagra godt.