Havrebladminerfluga er i full gang med sverminga, og det kan sjå ut som om det blir sterke angrep. Etter som veldig mye er endra på middelsida, etter at forsøk med bekjemping av bladminerfluge vart avslutta, er ikkje alt som ligg på bl.a. plantevernleksikonet like aktuelt. Da vi hadde middel med god effekt på minerande larver, fekk ein størst avlingsauke ved å bekjempe dei. (Det beste middelet den gong var Perfekthion.)

I enkeltfelt var det også innimellom god effekt av førebyggande bekjemping med pyretroid (Karate, Fastac, Sumicidin, Sumi-Alpha, Decis mfl.). Felles for felta med god avlingsauke for førebyggande sprøyting, var veldig ofte at det var i år med lite nedbør på forsommaren.

Tilråding

For å gjera ei lang historie kort. I år er det viktig å redusere vasstapet frå planta og det kan sjå ut som om det blir mengder med havrebladminerfluge. Trur derfor at det generelt vil vera god betaling for å ta med eit pyretroid i lag med ugrassprøytinga.

Sjølv om havrebladminerfluga har havre i namnet, er den minst like glad i bygg og vårkveite. Tilrådd dose av Karate CS og Decis er 15 ml/daa. Dei som har restar av Sumi-Alpha på lager må bruke opp det i år. Fastac har siste salsår i år og kan med fordel brukast opp.

Ved sida av god effekt mot havrebladminerfluga, er dei også effektive mot andre aktuelle insekt, som lus og trips.

Lus

Det vart berre samla inn kvister for eggtelling i Melhus og Meldal i år. Resultata viser at det er låg risiko i Melhus og middels risiko i Meldal. Men på grunn av det varme og tørre vêret kan oppformeiringa gå fort. Det gjeld derfor om å følgje med i åkeren, for å sjå om havrebladlusa er i farta. Ved busking er skadeterskelen om 65 % stråa har bladlus.

Frittfluge og trips

Frittfluga gjør som regel sterkast skade i havre, men kan angripe bygg og vårkveite. Som regel størst risiko for angrep i seint sådde åkrar. Frittfluga svermar i slutten av mai og først i juni og legg egg som klekker i løpet av ei veke.

Skade visast som gule visne hovudskott på elles grøne planter, etter at larvene har gnage av hovudskottet. Lenge sida sist det var reelle problem i Trøndelag og størst risiko i seint sådde åkrar. Kan vera større risiko i år enn på mange år. Følg med på utviklinga i åkeren.

Trips har det også fint for tida, og kan om tørken held fram gjera betydeleg skade. Det er særleg ved angrep på øvre del av planta at skaden blir størst. Om det er aktuelt med eiga tripsbekjemping, vil tida vise.