Utfordringa er å finne det rette tidspunktet. Vi får stadig vekk spørsmål om når åkeren er moden nok. Spesielt i eit år som i år, kor det er litt ujamn åker, kan det vera ei utfordring å finne rett tidspunkt.

Definisjonen på moden åker er 5 dagar etter gulmodningsstadiet.

For litt utfyllande hjelp, har vi brukt fotoapparatet. Bygg har nådd gulmodningsstadiet når innlagringa har slutta. Da er det om lag 38 prosent vatn i kornet. Visuelt kan ein bruke heilheitsinntrykket og noen kjenneteikn på kornet. Halmen skal vera gul med unnatak rundt ledda, kor det enno er noe grønt (sjå hovedbilde). På kornet kan bukfura ha litt grønskjer og raudrossa skal vera avfarga.

På bildet av aksa, ser ein at raudrossa framleis har frisk raudfarge i akset til venstre. I tillegg er det grønskjer i snerp og agner. På akset i midten er det aller meste av raudfargen borte. Sjøl om det framleis er eit svakt grønskjer i akset, må det vera temmeleg gulmodent. Akset til venstre har passert gulmodning med 4-5 dagar og er klar for glyfosatsprøyting.

Dsc 0754
På bildet med småkorna er det samme rekkefølgje. Korna til venstre har enno igjen noen dagar, korna i midten er gulmodne og dei til høgre er på rett stadium for glyfosatsprøyting.
Dsc 0756

I åker med mye sjukdom eller andre årsaker til tvangsmodning, kan det framleis vera noe grønt att omkring øverste ledd. Likevel er akset ferdig og vassprosenten i kornet er omkring 30.

Ved sida av det visuelle intrykket er det viktig å kjenne på kornet eller om muleg trøske ut ein prøve og måle vassprosenten for å vera sikker på at åkeren er ferdig nok. For tidleg sprøyting er ulovleg og gir avlingstap.

Sprøyting i moden åker er berre lovleg i bygg.