Rett pH

Kalk har ikkje hatt same prisstigning som andre innsatsfaktorar. Ein gjennomgang av forsøk i Sverige synte at pH var den faktoren som hadde mest betydning for avlingsnivå og -kvalitet. pH lågare enn 6,0 gjer næringsstoffa mindre tilgjengelege for plantene. Kalk vil òg gje eit høgare grovforopptak pga. meir smakeleg fôr og mindre innslag av ugras som lyssiv og sølvbunke.

Overflatekalking til eng: maks mengde 400 kg/daa.

Best utnytting av husdyrgjødsel: spreietidspunkt og vassinnblanding

  • 1 tonn husdyrgjødsel har dobbel verdi spredd om våren kontra spredd om hausten.
  • Husdyrgjødsel spredd med stripespreiing har ca 20-25 prosent betre N-virkning enn fanespreiing.
  • Vatn – husdyrgjødsel 1:1-blanding: 46 prosent auka N-verknad.
    • 1 tonn husdyrgjødsel med 6%prosent tørrstoff gir ca 1,2 kg N medan 2 tonn husdyrgjødsel med 3 prosent tørrstoff gir ca 1,8 kg N.
  • Rask nedmolding gir mindre tap.
  • Gode forhold under spreiing: vått, kaldt og vindstille.
Stripespreiing atle lende

Best utnytting av mineralgjødsel: Kantspreiar og differensiert gjødsling

Forsøk frå NLR Agder synte opptil 17 prosent tap av mineralgjødsel over skiftekant ved gjødsling utan kantspreiar. Oppdatert regelverk gjer at gjødsling mindre enn 2 meter frå vassdrag med årsikker vassføring kan straffast med 20 000 kr + 1 000 kr pr meter grøftekant.

Bruk av korrekt kantspreiing vil òg føra til avlingsauke fordi ein får tilført nok gjødsel på kantane. Kantsona utgjer som regel 25-30% av ei eng. Med 10% avlingsauke (snittavling 900fem/daa) på kant-arealet kan du på ein gard med 100daa auke avlinga med totalt 2250 Fem. Skal ein kjøpe inn same mengde FEm i kraftfôr (mars 2022) vert kostnaden ca. 10 000kr. Kva kraftfôrprisen og grovfôrprisen eigentleg vert vinteren 2022/23 veit ingen.

Gamal eng gjev mindre avling enn ny eng og ein kan gjødsla tilpassa ei lågare avling. Dersom ein vil «skru igjen litt», vil avlingstapet være minst på ei gamal eng med mykje kveke og anna villgras. Reduksjon ca 10-15 prosent.

Teknikk

Korrekt innstilling, bruk og kjøremønster ved bruk av sentrifugalspreiar vil gje auka avling med jevn kvalitet og korrekt bruk av dyr mineralgjødsel.

Ta kontakt med din lokale Maskinteknikk - rådgjevar for kontroll og innstilling av din mineralgjødselspreiar.

Kjøpe tenester?

Kjøp av ny mineralgjødselspreiar og GNSS-utstyr (GPS) krev areal på meir enn 250 daa for å gå i null. For å utnytta gjødsla og fordelane av presisjonsgjødsling maksimalt dette året, kan bruk av entreprenør være eit godt alternativ. For å halde kostnaden nede vil det være ein fordel å sørga for god logistikk av gjødsel medan entreprenøren er på garden.

NLR kan hjelpe med å sende skiftegrenser frå Skifteplan til entreprenør dersom det er behov for det.

Prognosar for gjødselprisar

Gjødselprisane i Rogaland er framleis 1000-1500 kr/tonn billegare enn i resten av landet. Det er litt ulike prognosar på den vidare prisutviklinga. Dei mest optimistiske trur på stabiliseringa av gjødselprisane, medan dei fleste trur at prisane kjem til å stige ytterligere.

Etter seks veker med krig i Ukraina er det lite som tyder på at gjødselprisane kjem til å gå ned 1. juli slik dei bruker å gjere.

Basert på det me veit no: ikkje vent med å kjøpa gjødsel!